Seld til kinesisk kinokjede

Den nordiske eigarskapen til Sotrastrilane sin lokale kino vart ein kort førestelling. I går fekk kinosjef Rolf Øvretveit vita at han no får kinesiske eigarar.

Om EU sin konkurransemyndighet seier "ja", vil SF Sotra Kino vert del av ein verdsomspennande kinokjede med 11.000
Om EU sin konkurransemyndighet seier «ja», vert SF Sotra Kino del av ein verdsomspennande kinokjede med 11.000 kinosalar.

Med eit 80-tals kinosalar i 12 byar er SF Kino nest største kinokjeden i Norge. Eigarane Nordic Cinema Group, med hovudkontor i Stockholm, har no seld SF Sotra kino saman med elleve øvrige lokale kinoselskap i Norge.

Det er DN.no som først omtalte handelen.

Verdsomspennande kjede
Kjøpar er AMC Entertainment, eigd av Dalian Wanda, som visstnok er rikaste mannen i Kina. Oppkjøpet er ein del av kinesaren sin visjon om å byggja ein leiande verdsomspennande kinokjede, ifølgje Financial Times.

Fekk vita i går
Forhandlingane har skjedd over hovudet på dei lokalt tilsette. Først i går fekk Rolf Øvretveit, vår lokale kinosjef, kjennskap til eigarskiftet.

– Dette er veldig positivt, seier Øvretveit i SF Sotra Kino i ein knapp kommentar til Tunnelsyn.no.

Kommentarar utover det overlet Øvretveit til hovudkontoret i Stockholm.

153.000 besøkjande
SF Sotra Kino hadde 153.000 besøkjande i fjor, ifølgje Øvretveit. Billettsalet innbragte truleg ein stad kring 18 millionar kroner.

8,25 milliardar milliardar kontant
Nordic Cinema Group eig 68 kinoar og er deleigar i ytterlegare 50 i Sverige, Finland, Estland, Litauen og Latvia forutan Norge.

Wanda skal betala totalt 8,25 milliardar svenske kroner i kontantar for heile kjeden, ifølgje ei pressemelding.

Salet er avhengig av godkjenning frå EU sin konkurransemyndighet.

11.000 kinosalar
Dette er tredje store oppkjøpet AMC har gjort siste året. Det kinesiske selskapet eig no 11.000 kinosalar i 15 land i Europa og i USA, ifølgje pressemeldinga.

SF Sotra Kino vil framleis visa filmar under dagens merkjenamn.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s