Mange fekk byggja i strandsona

Asketappar og fjellsokningar vil meir enn gjerne byggja i strandsona, og plankomiteane har sjeldan innvendingar. Ingen andre Hordalands-kommunar er like romslege. Fylkesmannen likar det dårleg.

Arkivfoto.
Arkivfoto.

Hordalandkommunane innvilga i fjor 1869 dispenasjonssøknadar frå ivrige utbyggjarar. Det er 15,6 prosent fleire enn året før, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.

Vel 30 prosent av dei innvilga dispenasjonssøknadane gjaldt tiltak i strandsona.

Særlege omsyn
I 100-metersbeltet langs sjø skal det takast særlege omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre ålmenne interesser, ifølgje Plan og bygningslova §1-8.

Før kommunane gjev løyve til byggjetiltak skal dei vurdera korvidt vilkåra for å gjera eit unnatak er oppfylt.

Mest liberale
Vekstkommunane vest for Bergen var dei mest liberale i Hordaland når det gjaldt å innvilga løyve til tiltak i 100-metersbeltet.

Askøy og Fjell aleine stod for heile 427 av dei 587 innvilga dispensasjonssøknadane i strandsona i Hordaland. Askøy gjorde 266 positive vedtak, Fjell 161, opplyser seniorrådgjevar Christian Johan Alstad hos Fylkesmannen i Hordaland til Tunnelsyn.no.

Inkluderer vi Sund og Øygarden i statistikken, stod dei fire kommunane i region vest for heile 85 prosent av samtlege vedtak om bygging i strandsona i Hordaland i fjor, ifølgje Alstad.

Flest klager
Medan Fylkesmannen klaga på åtte prosent av samtlege dispensasjonar for fylket sett under eitt, hadde heile 42 prosent av tiltaka i Askøy og Fjell ein slik karakter at fylkesmannen fann det naudsynt å klaga på kommunane sine vedtak.

Oppmjuking?
Finlesing av statistikken antydar likevel at det kan vera ei oppmjuking på gang. Trass rekordmange innvilga dispensasjonssøknadar i kommunane, klaga Fylkesmannen på prosentvis færre søknadar i fjor enn året før.

Samstundes sørga setjefylkesmannen for at kommunane fekk medhald i fleire av sakene.

Større fordel enn ulempe
For å gje dispensasjon, må fordelane med tiltaket vera klart større enn ulempene. Arealføremålet må heller ikkje vera sett vesentleg til side, ifølgje Alstad.

Kanskje har plan-komiteane i Askøy og Fjell eit meir romsleg syn på kva innbyggjarane skal ha lov å gjera i 100-metersbeltet enn i Sund og Øygarden?

Fylkesmannen klaga i alle fall ikkje på nokon av dei 41 innvilga dispensasjonssøknadane i Sund. Heller ikkje på dei 26 i Øygarden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s