Diskuterte makkverk i kommunestyret

Språkbruken var krass då kommunestyret i Fjell drøfta plan- og utbyggingssjefen sitt forslag til sørvisavtale.

- Sotrasambandet er så viktig at vi bør sleppa betala bompengar, hevda Daniel Victor Sandvik (FrP).
-Eit underleg makkverk å servera kommunestyret, hevda Daniel Victor Sandvik (FrP) om Plan- og utbyggingssjefen sitt forslag til sørvisavtale.

Kritikken gjekk mest på utforminga og språket, men også litt på innhaldet i forslaget.

Les: Kommentar: Verdilaus sørvisavtale

Etterlyste språkvask
– Eit underleg makkverk å servera kommunestyret. Dette må skrivast om og språkvaskast, så kan vi ta stilling til innhaldet etterpå, hevda Daniel Victor Sandvik (FrP) om forslaget til sørvisavtale, slik det vart sjåande ut etter behandlinga i Formannskapet.

Utsetjing
Språkmannen Olav Kobbeltveit, tidlegare redaktør i BT, var samd, men var likevel noko meir avmålt i kritikken. Han meinte at avtalen er så hjelpelaust utforma at han må skrivast om før han kan sendast ut, og at saka måtte utsetjast.

Skulda på teknologien
Egil Håland (A) tykte det hørtes drastisk ut å kalla avtaleforslaget for makkverk. Han meinte årsaka til kritikken ligg i den digitale teknologien. Hadde teksten vore skriven ut på papir, ville det ha vore einklare å forstå kva avtalen inneber, freista den tidlegare politimannen roa gemytta. Han ville ha avtalen behandla i dag.

Skeptisk til atterhald
Henning Ekerhovd (A) leiar for Komite for Utvikling, viste til at avtalen er noko dei har jobba med lenge, og at det er viktig at publikum veit kva dei kan forventa.

Ta ut punkt
Ekerhovd freista pensa diskusjonen over på innhaldet i avtalen, og føreslo å ta ut punktet om atterhald i tilfelle feilinformasjon og mistydingar.

– Korleis skal vi følgja opp dette reint lovmessig? Meinar vi at skattebetalarane skal betala for ein ny loveleg vurdering? spurte Ekerhovd.

Sentralt punkt i avtalen
Sandvik stussa over forslaget om å ta punktet om atterhald ut av avtalen.

– Det er interessant å sjå kor mykje som vert att om dette punktet vert fjerna, hevda FrP sin representant i KPU.

Etter eit kort gruppemøte tok ordførar Marianne Sandvik Bjorøy sjølvkritikk:

– Eg burde sett at dette vart ganske uoversiktleg. Dette tek eg på meg sjølv. Endringane som vart gjort i Formannskapet bør klart koma fra, sa Bjorøy og forslo å utsetja saka.

Ingen protesterte mot utsetjinga.

2 Comments

  1. Hvordan er det mulig at «arkitekten» bak denne erklæring er i stand til å se forslagets innhold som et framsteg?
    Som «arkitekt» er det Einar Lunde. Når Plansjef Rystad går god for dette, samt ordfører og hennes parti, i hovedsak arbeider med å forklare seg bort fra en total manglende forståelse av kvalitetssikring for et sådant forslag.
    I et tilleggsmoment til erklæringen, vil Fjell Kommune ha inn et punkt om at innbyggerne må vise gjensidig respekt! – Respekt kan hverken kjøpes eller forlanges, – Den må selv en offentlig etat vise seg fortjent til, gjennom kompetanse, før en krever noe av kundene.
    Forstår at hele erklæringen er et forsøk på å «begrave alle svarte kattene» (synder), for å forberede søknad for å bli medlem av Transparencyi International Norge (TIN). – Tror neppe de vil greie dette, da det stilles store krav og «ren vandel» for å bli medlem.
    Fjell Kommune vil gjennom TIN, ønske å skjerme seg bak dem for manglende åpenhet og «misligheter» innenfor Byggesak og Forvaltning.

    Vi ønsker dem lykke til!
    Øyvind Herland
    Roshjelp1

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s