Vi må betala bompengar i 20 år

Statens vegvesen har klart forslaget til bompengetakstar i det nye Sotrabambandet. Elbilane får ikkje sleppa unna. Nedbetalingstida vil også verta lengre enn Sotrastrilane har sett føre seg.

Ingenting skal få forseinka Sotrasambandet ytterligare. Eit samrøystes kommunestyre i Fjell har i dag vedteke den endelege reguleringsplanen.
Totalkostnaden for det 9,4 kilometer lange Sotrasambandet vil passera ein milliard per kilometer. Bilistane skal betala 49 kroner per passering.

Dette kjem fram av saksgrunnlaget som Statens vegvesen no har sendt ut til kommunane Fjell, Sund, Øygarden, Askøy og Bergen i tillegg til Hordaland fylkeskommune.

Garanti
Kommunane skal behandla saka i februar, før saka kjem opp i Fylkestinget i mars. Fylkeskommunen skal stilla garanti for finansieringa.

Tilrådinga avvik eindel frå det som vart vedteke då kommunane i vår gav politisk tilslutning til prinsippet om at den nye firefelts motorvegen frå Kolltveit i Fjell til Storavatnet i Bergen skal delvis finansierast ved hjelp av bompengar.

Kostnadssprekk
Til grunn for utrekninga ligg ein totalkostnad for det 9,4 kilometer lage sambandet oppjustert til 2017-prisar på 9,6 milliardar kroner. 900 millionar kroner meir enn det som framkom då reguleringsplanen vart vedteken våren 2015.

20 år
I prinsippsaka vart det lagt opp til at bompengeperioden skal vara i 15 år. Statens vegvesen tilrår no at nedbetalingstida i staden skal vera like lang som OPS-perioden, nemleg 20 år.

Nullvekst i trafikken
Reknestykket for bompengefinansieringa føreser eit årleg trafikkgrunnlag på 24.600 bilar første året. Det vert ikkje lagt opp til at talet på passeringar skal auka gjennom bompengeperioden.

Dyrare for bilistane
På bakgrunn av det siste kostnadsoverslaget tilrår Statens vegvesen at bompengetaksten for personbilar vert sett til 49 kroner. Bilistar med Autopass-brikke kan oppnå 20 prosent rabatt, slik at for dei vil taksten vera 39 kroner.

Lastebilar og andre tunge køyretøy skal betala 98 kroner, og vil ikkje få rabatt.

Elbilar
I prinsippvedtaket vart det teke høgde for at 10 prosent av personbilane ville vera elbilar eller andre nullutsleppskøyretøy. Erfaringar frå andre stadar tilseier at det er for lite. Samtundes har Stortinget opna for at elbilar kan betala inntil halv takst dersom lokale vedtak tilseier det.

– Med ein føresett opning av Sotrasambandet i 2024 og med framleis vekst i talet på elbilar, er det vanskeleg å sjå føre seg eit fullstendig fritak let seg kombinera med bompengar som ein vesentleg del av prosjektet. Statens vegvesen tilrår at det for nullutsleppskøyretøy i Sotrasambandet blir innført ein bompengetakst på halvparten av grunntakst, står det i saksunderlaget.

Oppjustering
Samstundes opnar Statens vegvesen for å kunna oppjustera takstane.

– Dersom innføring av halv takst for nullutsleppskøyretøy ikkje er tilstrekkeleg for å oppretthalde den føresette gjennomsnittstaksten, kan takstane justerast opp, legg sakshandsamar en i Statens vegvesen til.

2 bomstasjonar

Plasseringa av bomstasjonane på Sotrasida.
Plasseringa av bomstasjonane på Sotrasida. Illustrasjon Statens vegvesen.

Bompengane skal berre innkrevjast på det nye sambandet. Lokalvegane på Sotra og i Bergen vil ikkje verta omfatta.

På Sotrasida vil det verta innkrevd bompengar to stadar; på den nye vegen like vest for det nye krysset på Valen, og på dagens veg.

Innkrevjinga av bompengane vert ikkje gratis. Statens vegvesen estimerer at kostnadane med å ha eit delvis bompengefinsansert vegsamband aleine vil kosta 15 millionar kroner årleg.

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s