Halvtom innfartsparkering – avslører interessekonflikt i fylkeskommunen

Innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal står halvtom etter at Hordaland fylkeskommune innførte krav om parkeringsoblat. Syklisten Jon Inge Matre (H) meinar han veit forklaringa.

- Det må gå an å finna ordningar som lar sporadisek reisande nytta den halvtomme innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal, hevdar syklisten Jon Inge Matre.
– Det må gå an å finna ordningar som tillater at også sporadiske reisande nyttar den halvtomme innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal, hevdar syklisten Jon Inge Matre.

Tidlegare var det trangt om plassen på innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal. Då kunne kven som helst parkera bilen her og ta bussen vidare, men det var før Hordaland fylkeskommune innførte krav om parkeringsoblat.

Mange ledige plassar
No er situasjonen ein heilt annan. Kjem du forbi innfartsparkeringa, som har plass til 160 bilar, ein tilfeldig vekedag, er plassen sjeldan meir enn halvfull.

Oblatkrav
Jon Inge Matre var ein av dei som gjekk hardast ut og åtvara mot konsekvensane av omlegginga. Som ivrig syklist og kompiskøyrar tilhøyrer han grupper som har god bruk for innfartsparkering på einskilde dagar.

Men sidan han ikkje kjøper månadskort, oppfyller han ikkje fylkeskommunen sine krav til å få tildelt oblat.

Les: Innfartsparkering – tilbod berre til nokre utvalde

Skjulte motiv?
– Dette avslører eit politisk dilemma i Hordaland fylkeskommune, hevdar Matre som også sit i kommunestyret for Høgre i Fjell.

Den ivrige syklisten mistenkjer fylkeskommunen for å ha innført oblatordninga for å tvinga syklistar og andre sporadiske brukargrupper til å ta bussen og dermed auka inntektene frå kollektivtrafikken.

No køyrer dei heilt til døra
Resultatet vart eit heilt anna, slik han ser det:

Ved å innføra oblatordning oppfordrar fylkeskommunen bilistane til å parkera i vegkanten – eller til å køyra heilt fram. Bilar som før vart parkerte på innfartsparkeringa, er no å finna på vegen, hevdar Matre.

Interessekonflikt
– Kva er fylkeskommunen eigentleg interessert i? Vil dei få vekk bilane frå vegen, eller vil dei auka bruken av offentleg transport? Måten dette er gjennomført, avslører ei interessekonflikt i fylkeskommunen, hevdar Matre.

Han ser fårene for misbruk av ordningar med gratis parkering, men tek likevel til orde for å finna løysingar som gjer det mogeleg også for dei som nyttar kollektiv transport sporadisk å nytta seg av ordninga med innfartsparkering.

– Det må ikkje vera slik at vi skal ha inntekter på absolutt alt, hevdar Matre.

Spent på fortsetjinga
Fylkeskommunen har ansvar for å stimulera bruken av både kollektivtrafikk og sykkel.

Både kollektivtransport og sykkelbruk konkurrerer no i aukande grad med behovet for å få inn bompengar til å finansiera nye vegutbyggingar. Tiltak der fylkeskommunen er garantist for bompengefinasieringa.

Kva med bompengane?
No ventar Matre spent på å sjå korleis innføringa av bompengar på det nye Sotrasambandet vil påverka populariteten til kollektivtransport og sykkel.

– For mange familiar vil økonomien vera avgjerande for valet, trur han.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s