Størjekongen frå Ramsøy

Minnet om det eventyrlege størjefisket på 1950-talet er framleis levande i bygder i tidlegare Herdla kommune. Veteranar frå Ramsøy og Øygarden samla seg laurdag for å høyra Karsten Karlsen fortelja om Størjekongen frå Ramsøy.

K.S.K med ein størjefangst. Foto: Privat.
K.S.K med ein størjefangst. Foto: Privat – utlånt av Karsten Karlsen.

Som heimehavn til skøyta Speranza var Vik ei av bygdene i Øygarden som henta velstand frå størjefisket på 1950-talet. Laurdag inviterte grendalaget til informasjonskveld om det historiske fisket.

Ramsøy
Karsten Karlsen vart fødd på Ramsøy, på andre sida av Hjeltefjorden som var hovudtransportåra i dåverande Herdla kommune. Tidleg på 1950-talet fekk 16-åringen hyra på familien si fiskeskøyte. Slik kom han til å oppleva det han karakteriserer som eit eventyr i norsk fiskerihistorie.

Å utrusta ei skøyte for størjefangst var kostbart, men på Ramsøy hadde dei fleire skøyter som konkurrerte om å ta dei største fangstane, ifølgje Karlsen.

Jakt
Makrellstørja, også kjend som tunfisk, trivest best i varmare farvatn, i Middelhavet eller i Mexico-golfen. Om sommaren søkjer ho til norskekysten for å beita.

Med ei vekt på inntil 600 kilo er makrellstørja den største, raskaste og sterkaste fisken i havet.

Å fanga slike fiskar er ikkje for kven som helst. Det krev både kløkt og flaks. Ikkje noko anna fiske fenga like mykje, eller fekk adrenalinet til å koka på same måten. Dei som deltok hadde ofte ei kjensle av jakt, fortalde Karlsen.

Ny teknologi
Størja gjekk i stimar – eller dottar – som Karlsen kalla det, på inntil fleire hundre fisk.

Det veldige oppsvinget i størjefisket på 1950-talet hadde samanhang med at ein då for første gong fekk teknologi til å utvikla eit industrielt fiske, ifølgje Karlsen.

Først kom den forsterka ringnota som klarte å stengja dotten av små og store størjer. Så fekk skøytene kraftigare motor slik at dei kunna halda følgje med sjøen sin gepard når han forfølgde sildestimen. Til sist kom ekkoloddet som lar fiskarane sjå kva fisk som skjuler seg under havflata. Dei var ikkje lenger avhengig av å sjå vak for å vita kvar dei skulle setja nota.

Video: Ver med Speranza på størjefiske

Havet gav
Karsten Karlsen sin onklar Karl og Sigurd, saman med faren Konrad ombord på skøyta K.S.K, kom til å stå sentralt i det norske størjefisket, ifølgje Karlsen.

– K.S.K hadde rekorden. I 1962-sesongen tok vi 2.485 størjer, med ei samla vekt på 436 tonn, hevda Karlsen til protestar frå salen. Kan hende var det slik at K.S.K tok flest største fangsten målt i kilo, men at konkurrenten Sjømann fekk flest fisk?

Rekordfangsten innbrakte uansett Karlsen-familien ei inntekt på heile 900.000 kroner for den hektiske innsatsen i månadane frå juli til september. Ufatteleg mykje pengar i 1962.

For ein av mannskapet på Speranza innebar lotten at det no vart råd til å byggja ein ekstra etasje på huset!

Størjekongen
Noko av engasjementet skreiv seg truleg frå onkel Karl sitt sterke konkurranseinstinkt. Som bas og skippar kunne han finna på å ta sjansar som tilsynelatande ikkje burde ha gått bra. Som til dømes å kasta nota mot størjeflokken som kom rasande imot, eller å kasta på djup. Oftast lukkast han, minnast nevøen.

Slike lukkekast gav Karl Karlsen tilnamnet Størjekongen. Men karane frå Ramsøy hadde fleire tilnamn: Dei var ikkje alltid så nøye med å etterleva fiskerivedtektene. Karl Karlsen kunne til dømes finna på å kasta nota like framfor baugen på ein konkurrent som var sikker på at denne dotten var hans. I slike situasjonar hende det at det vart mumla om Størje-mafiaen, medgav nevøen Karsten Karlsen.

Jobba døgnet rundt
16-åringen Karsten Karlsen var hyra inn på halv lott. I dag hadde han vore sett på som lærling, med kontrakt og regulert arbeidstid, men slikt hadde dei ikkje høyrt om den gongen. I staden vart det jobba nærast døgnet rundt, fleire dagar i strekk.

For å oppnå eit mest mogleg effektivt fiske, vart det til at dei hyra inn eigne lag av sløyarar som skulle stå for bearbeidinga av fangsten før eksporten til Italia.

HMS-tiltak var det også dårleg med. Ein av tilhøyrarane mista ei tå og fekk skada ei anna i vinsjen då det stod på som verst.

… og havet tok

Havet gav, men havet tok også, fekk Karsten Karlsen erfara.
Havet gav, men havet tok også, fekk Karsten Karlsen erfara.

Sjølv fekk Karsten Karlsen oppleva den doble sanninga i songen om at ”Havet gav, havet tok”. Far hans, Konrad, forsvann på havet ein dag dei sette nota. Dei fann han aldri att.

Å måtta fortelja mor og syster si om tapet, er noko av det tyngste Karsten Karlsen har gjort.

Om det var denne opplevinga som fekk 18-åringen til å gå på land og setja seg på skulebenken, sa han likevel ingenting om.

Kortvarig eventyr

Eit kortvarig eventyr. Den norske fangsten av makrellstørje. Illustrasjon: Havforskningsinstituttet.
Eit kortvarig eventyr. Den norske fangsten av makrellstørje. Illustrasjon: Havforskningsinstituttet.

Alle eventyr har ein ende. Slik også med størjefisket.
– Aldri har vel noko fiske blitt etablert, teke av og blitt avvikla i slikt tempo, hevda Karlsen.

Tal frå Havforskningsinstituttet viser at størjefisket i Norge var marginalt inntil 1949. Dette året vart det teke kring 3500 tonn. Berre tre år seinare nådde den norske fangsten toppen, med heile 15.500 tonn. Fangstane gjennom heile 1950-talet var likevel relativt store, før eventyret var over i 1963.

På 1970-talet kollapsa den internasjonale størje-bestanden. Det var ikkje lenger noko å fiska på.

Like viktig som silda
– Størjefiske var mest like viktig som sildafisket for det økonomiske oppsvinget i tidlegare Herdla kommune i etterkrigsåra, fortalde ordførar Børge Haugetun som hadde lytta med stor interesse til Karlsen si forteljing.

Haugetun var ikkje aleine om å villa vita meir om dette spanande kapittelet i lokalhistorien. Over 100 personar, fleire av dei frå Ramsøy, hadde funne vegen til Vik bedehus for å høyra Karlsen si forteljing. Fleire hadde sjølv vore med på størjefiske i sin ungdom.

Mellom tilhøyrarane var også Peder O. Lie frå Liaskjæret. Også Liaskjæren deltok i størjefisket, fortalde Lie. Men, medan størja har stått sentralt i Karlsen-familien sin historie i ettertida, er det silda som har spela hovudrolla for Lie-familien.

– Vi har størjenota framleis, men detaljane om fisket kjenner eg ikkje, seier Lie.

Les: Basen på Liaskjæret

Ny æra?
Den internasjonale havforskinga viser at bestanden av makrellstørje er i ferd med å ta seg opp at. Sommaren 2016 vart det for første gong på 50 år teke ein kommersiell størjefangst i Norge. MS Hillersøy frå Bulandet tok 191 størjer, tilsvarande om lag heile den norske kvoten på 43,7 tonn.

– Då størjebesteanden kollapsa på 1970-talet frykta vi at ho aldri skulle koma tilbake. Gode kvoteordningar må sikra at vi slepp oppleva det same ein gong til, seier Øyvind Tangen i Havforskningsinstituttet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s