Innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden må få lov til å avgjera kva den nye kommunen skal heita, meinar Svein Bergh (SL) i Fjell.

Spørsmålet om namnet på den nye kommunen var eitt av dei temaene som engasjerte aller mest under forhandlingane mellom Fjell, Sund og Øygarden for eitt år sida, og som haldt på å stranda forhandlingane.
Les: Namnestrid
Les: Namnet vert Øygarden
Krev folkerøysting
-Det må verta halde ei folkerøysting om kommunenamnet, krev Svein Bergh (SL), som planlegg å ta saka opp politisk i Fjell.
Korvidt det bør arrangerast ei lokal folkerøysting, eller om spørsmålet kan avgjerast gjennom ei digital spørjeundersøkjing, er han open for å diskutera.
Innbyggjarane må uansett først få høve til å lansera gode namneforslag, seier Bergh.
Får støtte
Førebels er han litt usikker på korleis gripa saka an. Om han vil ta saka opp i Formannskapet eller i Kommunestyret har han ikkje avgjort.
-Sotra Lista står 100 prosent bak meg i forslaget. Eg har og fått uventa støtte frå mange som ein ikkje skulle trudd, hevdar Bergh.
Etterlyser gode forslag
Han har notert seg at det har koma opp mange forslag til namn – sjølv føretrekkjer han «Sotra». Han ser likevel at det kan vera gode forslag som framleis ikkje har kome på bordet.
Med i forhandlingsutvalet
Bergh (SL) har vore med i forhandlingane om å slå saman Fjell, Sund og Øygarden sidan starten. Han er også den som har markert seg sterkast som motstandar av valet av «Øygarden» som arbeidsnamn på den nye kommunen.
Ta ballen vidare
Også i Sund hevdar Bergh å ha møtt mange meiningsfeller. Han har difor god tru på at namnevalet kan verta eit tema i kommunestyret også der.
Då Øygarden vart eigen kommune frå 1. januar 1964, var det motstand frå mange hald om namnet. Øygarden vart den nemleg kalla heile rada, heile garden av øyar frå Selbjørnsfjorden i sør til Fedje i nord. Når den nye kommunen no vert kalla Øygarden, så får området attende namnet det hadde, om ikkje på kartet så på folkemunne og i dagligtalen.
LikarLikar
Var det så lenge intensjonsavtalen helt? Dette var det einigheit om!
LikarLikar