Vurderer betalingsautomat ved Storavatnet

Utplassering av betalingsautomat kan verta fylkeskommunen sitt svar til Jon Inge Matre og andre sporadiske reisande som ønskjer å nytta den halvtomme innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal.

- Det må gå an å finna ordningar som lar sporadisek reisande nytta den halvtomme innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal, hevdar syklisten Jon Inge Matre.
Samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune vurderer no korvidt sporadiske reisande som Jon Inge Matre skal få lov til å betala for å parkera på den halvtomme innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal.

I Hordaland fylkeskommune har dei teljingar som bekreftar Jon Inge Matre sin påstand om at bruken av innfartsparkeringa ved Storavatnet terminal har gått kraftig ned etter at det vart innført krav om parkeringsoblat.

Les: Halvtom innfartsparkering – synleggjer interessekonflikt i fylkeskommunen

Vurderer andre alternativ
– Innfartsparkeringa er meint som eit tilbod til faste brukarar som kjøper månadskort og får utdelt parkeringsoblat, seier samferdsledirektør Håkon Rasmussen i Hordland fylkeskommune til Nettavisa Tunnelsyn.no.

At innfartsparkeringa står halvtom, er ikkje i samsvar med intensjonane bak ordninga.

– Vi har nedsett eit prosjekt som ser på andre alternativ enn oblat. Ei løysing kan vera å innføra ei betalingsordning, seier Rasmussen.

Problemstillinga er ikkje ny. Rasmussen viser til at samferdselavdelinga alt har teke situasjonen opp med samferdsleutvalet. Samstundes peikar han på at innfartsparkering er eit komplekst tema der ingenting er einkelt.

Les: Vurderer betaling på innfartsparkering

Tidspunktet for når fylkespolitikarane kan venta å få ei tilråding på bordet, utover at det vil skje i løpet av året, tør samferdsledirektøren ikkje seia noko om.

Etterlengta, med forbehald
Då oblatordninga vart innført for eit års tid sidan, etterlyste politikarane i Fjell ei meir fleksibel ordning.

Les: Vil ha ei meir fleksibel innfartsparkering

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell helsar ei betalingsordning velkomen, men med forbehald.

– Eg føreser at dei som har oblat ikkje må betala. Utovet det er det positivt at andre kan nytta innfartsparkeringa, seier Sandahl Bjorøy og legg til:

-Om ein meinar alvor med målet om 0-vekst i biltrafikken, vil innføring av betalingsordningar ikkje fungera som noko stimulerande tiltak. Ein må i så fall samstundes avklara korvidt dette også gjeld elbilar, eller berre bensin- og dieselkøyretøy.

Ikkje spesielt

Nøkkelen til innsparinga på 300 millionar ligg i å droppa midtdelaren, ifølgje fylkesdirektør for samferdsle Håkon Rasmussen i Hordaland fylkeskommune.
Ønskjer ikkje å kommentera påstand om interessekonflikt i fylkeskommunen. Fylkesdirektør for samferdsle Håkon Rasmussen i Hordaland.

Utviklinga ved Storavatnet er ikkje spesiell. Fylkeskommunen har 3.000 parkeringsplassar meint for innfartsparkering. Ved fleire andre anlegg har det skjedd ein tilsvarande reduksjon i bruken etter at oblatordninga vart innført, medgjev samferdsledirektøren.

Politisk utspel
Påstanden frå Matre om at innføringa av oblatordninga synleggjer ei intern interessekonflikt i fylkeskommunen, nektar Rasmussen å kommentera:

– Dette er eit politisk utspel, hevdar samferdsledirektøren.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s