Gjestekommentar: Respekt for kunnskap

Kamp mot eliten har sidan Venstre vart grunnlagt i 1884 vore ein kamp for meir kunnskap. I ei verd der respekten for kunnskap forvitrar er difor kampen for kunnskap framleis ei hovudsak for Venstre.
Av Terje Breivik, Stortingsrepresentat for Venstre i Hordaland.

Kunnskap er grunnlag for folkestyret. Difor  Foto: Mona Lindseth / Venstre
Kunnskap er grunnlag for folkestyret. Utdanning er viktigaste tiltaket for å jamna ut økonomiske, sosiale og helsemessige skilnadar, skriv Terje Breivik, stortingsrepresentant for Venstre i Hordaland i denne gjestekommentaren.
Foto: Mona Lindseth / Venstre

Framferda til populistane i USA og Europa har peika ut eliten som hovudfiende. Anten dei held til i Washington, Brussel eller Oslo. Populistiske politikarar tyr til korttenkte løysingar, ofte styrt av døgerets makt. Ei opphissa stemning kan lett skapast på 140 teikn, men det gjev ikkje rom for ein reflektert debatt.

Liten respekt for kunnskap
Felles for dei populistiske partia både i USA og Europa er at dei har liten respekt for kunnskap. Trump si framferd i valkampen i USA er urovekkande, likeins høgreekstreme parti her i Europa. Respekten for kunnskap bør liggje i botn for all debatt. Ta til dømes klimadebatten her i Noreg. Ein må gjerne være skeptisk til klimaendringar, men då bør me kunne forventa at argumenta vert underbygde med kunnskap òg ikkje generell synsing.

Grunnlag for folkestyret
Grunnlaget for folkestyret er kunnskap. Då Venstre fekk makta i 1884 var det å gje folket utdanning den første saka som vart gjennomført. Folk skulle få kunnskap til å kunne ta eigne val, og byggje eit av dei fattigaste landa i Europa. Fattig og rik gjekk på same skule og hadde same pensum. Det var radikalt. Ja, nærast ein revolusjon. Men Venstre gjorde dette fordi utdanning er det viktigaste tiltaket for utjamne sosiale, økonomiske og helsemessige skilnader mellom folk.

På lag med framtida
I 2017 er framleis satsing på kunnskap ei hovudsak for Venstre. Ein trygg og god oppvekst for alle barn er ei av dei viktigaste sakene vi som samfunn må løyse. Venstre vil ha ein skule som har ambisjonar for alle born. Det handlar om å sjå kvar einskild elev og sikre tidleg innsats, slik at ingen fell utanfor. Tidleg innsats startar allereie i barnehagen, difor vil Venstre gje tilbod om kompetanseheving for lærarar både i skulen og i barnehagen. I møtet med det digitaliserte samfunnet må óg skulen følgje med, difor vil Venstre satse på digitalisering i skulen, der til dømes koding vert tatt inn i læreplanen. Venstre ønskjer eit samfunn som er på lag framtida. Eit samfunn som set kunnskap først.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s