Hemmeleg snøggbåtmøte

Snøggbåt-suksessen Kleppestø – Strandkaien i Bergen skal vidareutviklast. Statens vegvesen er invitert til å delta i dei innleiande samtalane – politikarane i Askøy må derimot venta på rådmann Eystein Venneslan sin konklusjon.

teisten
Ei framtidig utviding av snøggbåtruta i regionen kan koma til å måtta konkurrera med nye bompengeprosjekt. Foto: Liv Strømme

Stadig fleire asketappar har oppdaga fordelane med ei roleg båtreise framfor å stå i kø på motorvegen. Med 15 minutt reisetid er snøggbåten raskaste vegen mellom Kleppestø og Bergen Sentrum. Berre i 2015 hadde sambandet ein trafikkauke på 34 prosent.

Les: Kleppestø kan få båtavgang kvart kvarter

For å utreia korleis snøggbåtsambandet kan vidareutviklast og kollektivtilbodet på Askøy kan optimaliserast, har Askøy kommune fått midlar frå Fylkesmannen i Hordaland.

Les: 3,9 millionar til innovasjon og fornying i kommunane

Hemmeleg workshop

Rådmann Eystein Venneslan håpar det vil råd å få politisk semje om ein plan for Kleppestø sentrum i løpet av året.
Politikarane i Askøy må venta heilt til 9. mars før dei får rådmann Eystein Venneslan si oppsummering av innhaldet i morgondagens workshop.

Å utreia fleire mogelege stoppestadar, og vurdera korleis båten kan verta meir miljøvenleg, er to av temaene på dagsorden når rådmann Eystein Vennesland og plansjef Bente Karlsen inviterer til workshop om vidareutvikling av snøggbåten i morgon.

Politikarane utestengt
Ingen politikarar frå Askøy får delta på møtet. Møtet er også lukka for publikum. Rådmann Eystein Venneslan hevdar dette er eit saksførebuande møte. Politikarane skal først få koma på banen når rådmannen har utarbeida eit felles diskusjonsgrunnlag.

– Veldig leit
Varaordførar Bård Espelid og Askøylista kom inn i kommunestyret nettopp med lovnad om auka openhet. No har han registrert at rådmannen har lukka workshopen for almenta, og at politikarane heller ikkje er ønska.

– Eg synes det er veldig leit. Eg har sett programmet, og forstår ikkje anna enn at dette er informasjon som burde vore open i utgangspunktet og som allmenta burde få tilgang til, seier Espelid til Tunnelsyn.no

Får oppsummering seinare
Orienteringa frå workshopen i morgon meinar Vennesland politikarane toler å venta på heilt til 9. mars. Då planlegg han eit ope informasjonsmøte med formannskapet og utval for teknikk og miljø i samband med høyringa av utkastet til regional transportplan.

Konkurrera med bompengeprosjekt
Mellom dei som er inviterte til morgondagens workshop er nabokommunane, Skyss, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen.

Det at Statens vegvesen er invitert, underbyggjer at Regional transportplan også kjem til å ta opp i seg behovet for å styrka grunnlaget for bompengefinansiering av nye vegutbyggingar, både på Askøy og det nye Sotrasambandet.

Ei framtidig utviding av snøggbåtsambandet i regionen risikerer i så fall å verta stilt opp i konkurranse med nye bompengeprosjekt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s