Nøgd med kraftlinje-skjønnet

Øygarden kommune vann langt på veg fram med kravet om erstatning for tapet av grunn til BKK si 420 kV-linja Mongstad – Kollsnes. Ikkje alle grunneigarane har like god grunn til å vera nøgde.

Ein av kablane vert trekt i land på Øygarden kommune sin eigedom i Ljøsnessundet.
Landtaket av sjøkabelen på Øygarden kommune sin eigedom på Ljøsneset hindrar kommuen i å gjennomføra planen om å utnytta området til kai. Som kompensasjon for tapt tomteverdi, får dei 200 kroner per kvadratmeter. Foto: BKK

Ordførar Børge Haugetun i Øygarden seier seg nøgd med utfallet av skjønnssaka mot BKK om erstatning for tap av grunn til 420 kV-linja frå Mongstad til Kollsnes.

Les: – BKK kjøper ikkje grunnen

Ordføraren kunne i går orientera Formannskapet om utfallet av skjønnssaka som omfatta totalt 84 personar og verksemder i fire kommunar.

Les: BKK vil avgjera tomtestrid i retten

Næringsareal

Ordførar Børge Haugetun nektar offentleggjering med henvising til vanleg praksis ved ordninære spørjeundersøskingar.
Ordførar Børge Haugetun er nøgd med utfallet av kraftlinje-skjønnet på Øygarden kommune sine vegne. Han ser likevel at skjønnet var hardt for mange av dei andre grunneigarane.

Øygarden kommune er grunneigar til eit større område regulert til næring på Ljøsneset på Kollsnes. Skjønnet slår fast at ilandføring av sjøkabel og kabel over land opptek 2,5 dekar. I tillegg kjem eit om lag like stort klausulert område i 15 meters breidde på sida av kabelen.

Det spørsmålet det på førehand var knytta størst spaning til, og som også vart eit viktig drøftingstema for skjønnsretten, var dei begrensningane kraftlinja legg på Øygarden kommune sine planar om ei framtidig utnytting av området på Ljøsneset til kai og tilkomst til kai.

Halvert marknadsverdi
Her vart tingrettsdommar Gunnar Rode Torvund og dei fire skjønnsmedlemmane samde om at Øygarden er blitt påført eit økonomisk tap fordi grunneigar ikkje lenger kan nytta området som planlagt.

Ordinær marknadspris på tomtar i Kollesnes-området er på oppimot 400 kroner kvadratmeteren. Begrensningane kraftlinje legg på den framtidige utnyttinga av denne delen av området vil påføra Øygarden kommune eit tap på 200 kroner per kvadratmeter, har skjønnsretten kome fram til.

Ein konklusjon ordførar Børge Haugetun er særs godt nøgd med.

Kabelgrøft
For kabelgrøft og sikringssona, som grunneigar heretter ikkje kan nytta til noko, vert verdien sett til 300 kroner per kvadratmeter.

Samla erstatning for det nær 4,4 dekar store området som Øygarden kommune eig, er dermed sett til tett oppunder 1,5 millionar kroner.

LNF-område
Ikkje alle grunneigarane var like heldige. Ikkje uventa var det områda sin status i kommuneplanen som avgjorde erstatninga. Der kraftlinja går i luftspenn over skog og landbruksområde i LNF-område, sette skjønnet erstatninga til 1 krone per kvadratmeter.

– Skjønnet var hardt mot mange av dei øvrige grunneigarane, seier Haugetun.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s