«Oppgraderer» skulevegar til «svært farleg»

Trafikksikringsarbeidet i Fjell klarar ikkje halda følgje med utbygginga. Til neste møte i Komite for Drift og forvaltning tilrår rådmannen at tre skulevegar får endra status til ”særleg farleg”, slik at skuleelevane kan få fri skuleskyss.

Behovet for trafikksikringstiltak på vegnettet i Fjell er stort, men midlane små. I Trafikksikringsplanen for Fjell er det sett av til saman 28 millionar kroner til føremålet fram til 2020. Så og seia heile summen er sett av til utbetring av Gamlevegen over Bildøy.

Les: 0-visjon for trafikksikring

Gratis skuleskyss
Berre elevar med skuleveg lengre enn fire kilometer har i utgangspunktet rett på fri skuleskyss. Vert skulevegen rekna som særleg farleg, har elevane likevel rett på gratis skuleskyss, uansett veglengde, i henhald til Opplæringslova.

Engstelege foreldre fleire stadar kringom i kommunen meinar at skulevegen til nett deira ungar er så farleg at han kvalifiserer til gratis skuleskyss. Tirsdag skal Komite for Drift og forvaltning behandla tre slike søknadar.

Ulukkesbelasta
Strekkja Døsjo – Liaskjæret er ei av dei mest ulukkesbelasta i heile kommunen. Den smale og uoversiktlege vegen har stor trafikk, også mykje tungtrafikk. Til saman sju personar er skadde i trafikkulukker her siste åra, ifølgje Trafikksikringsplanen.

No tilrår rådmannen at vegen får oppgradert status, slik at elevar ved Fjell ungdomsskule busette på Ekerhovd og med mindre enn fire kilometer skuleveg kan få
fri skuleskyss.

Utstrekt bustadbygging
På Bjorøy har ungar i 1. – 4. Klasse busette sør for skulen i retning Tyssøy hatt rett på fri skuleskyss sidan 2005. Komite for Drift og forvaltning nekta i 2013 å gje same retten til elevane i 5. – 7. Klasse. No meinar foreldra at trafikksituasjonen er så forverra at det trengst ei ny vurdering.

Utstrekt bustadbygging fører til stadig aukande trafikk, med mykje tungtrafikk. Fylkesvegen er smal, svingete og uoversiktleg fleire stadar og i svært dårleg stand. Ei fjellskrent gjer det vanskeleg for barna å gå ut av vegen når det kjem bilar. Dårleg og manglande lys er også eit problem, skriv rådmannen i saksgrunnlaget.

1. – 4. klasse
Å sikra trygg skuleveg gjennom Landrodalen er eitt av tiltaka som vert prioritert i Trafikksikringsplanen, men som ikkje har fått tildelt midlar.

Vegen frå Vindenes til Landro skule er så smal og trafikkert at mange foreldre nektar ungane å sykla til skulen. Staden er det mange av foreldra som køyrer ungane til og frå skulen.

No tilrår rådmannen at ungane i 1. – 4. klasse får fri skuleskyss.

Ferdig regulert
Til tider strandar trafikksikringsarbeidet på manglande regulering av tiltaket. Det er ikkje tilfelle på to av dei tre strekkjene. Utviding og trafikksikring av vegen Bildebakkjen – Døsjo – Liaskjæret er ferdig regulert, men manglar pengar. Det same er tilfelle med tiltaka på den kommunale vegen over Bjorøy, ifølgje Trafikksikringsplanen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s