Kommentar: Kåra ein vinnar dei aldri hadde sett

Denne veka har Straume hatt storfint besøk frå Norsk Bolig- og Byplanforening (BOBY). Endeleg skulle dei få sjå og oppleva staden organisasjonen i fjor haust kåra som vinnar av Bolig- og byplanprisen.

Ope? Utadvendt? Del av fasaden til fjorårsvinnaren av BOBY-prisen.
Ope? Utadvendt? Del av fasaden til fjorårsvinnaren av BOBY-prisen mot «hovudgata» på Straume.

 

Eg veit lite om skikk og bruk og prosedyrer ved kåring av slike høgthengjande prisar. Det eg derimot tenkjer, er at juryen i det minste bør ta seg ein tur og kikka på aktuelle kandidatar før dei kårar ein vinnar.

Her på Straume kårar dei først, og så ser dei etterpå, skal eg tru dagens melding frå Fjell kommune.

Eg siterer frå juryen si grunngjeving, gjengjeven på Fjell kommune sine heimesider:

Mange stadar vert det framleis vedtekne introverte, storskala kjøpesenter omgjeve av veganlegg. Fjell kommune og Sartor Holding har vist «forbilledlige» løysingar på utfordringar som svært mange norske byar og tettstader har til felles, skriv dei i grunngjevinga.

– I Straume sentrum er det gjort heilt andre vegval. Også her var utgangspunktet eit tradisjonelt og lukka kjøpesenter, men gjennom eit tett og aktivt samarbeid mellom senteret og kommunen, er det no under utvikling eit utadvent og urbant område.

Ope? Utadvendt? Tok våre lokale byutviklarar seg bryet med å ta sine åndsfrendar med på ein spasertur langsmed hovudgata i kjøpesenterbyen? Korleis vurderer dei i så fall fasaden på biletet i denne saka?

Er det underleg at så få av innbyggjarane på Straume forstår kva byplanleggjarar eigentleg driv på med?

Eg jobbar berre med kommunikasjon, og ein ting veit eg: Hadde eg jobba med kommunikasjon i Fjell kommune, var dette eit besøk eg hadde sørga for å hemmelegstempla.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s