Havbruk utfordrar subsea

Klarar havbruksnæringa å betra treffsikkerheten på foringa med ein prosent, vil det betyr millionar av kroner på botnlinja til produsentane. Subseaklynga på Ågotnes meinar dei har løysinga på denne og andre av havbruksnæringa sine utfordringar.

Frå visningsanlegget i Øygarden. Foto: Morten Wanvik.
Digitalisering av havbruksnæringa vil innebera automatisering av målingar frå mærdene, frå foringsanlegget og lokalmiljøet, kombinert med offentleg informasjon som vermeldingar, straummålingar og algevarsel. Arkivbilete. Foto: Morten Wanvik.

Subseanæringa i Bergens-området er langt framme på alt som har med fjernovervakning og integrerte operasjonar å gjera.

Store mengder sensorar utplassert på kritisk utstyr havbotnen sørgjer for automatiske målingar av tilstanden til utstyret og omgjevnadane rundt. Ved hjelp av fiberkablar og satellittkommunikasjon vert dei enorme datamengdene overført i sanntid til kontrollrom på plattformar eller på land. Der får mannskapet hjelp av grafiske presentasjonar til å overvaka at alt står bra til og eventuelt initiera avbøtande tiltak.

Stort crossover-potensiale
Kan noko av subsea-teknologien koma til nytte i havbruksnæringa? Det var tema for fellesmøtet mellom GCE Subsea og NCE Seafood før helga.

Subsea-bransjen sjølv har stor tru på crossover-potensialet. Å identifisera nye mogelegheitar i havet er høgt prioritert hos leverandørane. Halvparten av dei ser matproduksjon i havet som ein viktig framtidig marknad, seier Jon Hellevang i GCE Subsea.

– Mange av havbruksnæringa sine utfordringar har medlemmane i subsea-klyngen alt utvikla utstyr for å løysa, hevdar Jon Hellevang.

Rett foring

Oppdrettsnæringa vil produsera mest mogeleg fiske med best mogeleg kvalitet til lågast mogeleg kostnad. Klarar subsea-næringa auka traffsikkerheten på fôrforbruket? utfordra Kaspar Løberg Tangen i Deloitte.
Oppdrettsnæringa vil produsera mest mogeleg fiske med best mogeleg kvalitet til lågast mogeleg kostnad. Klarar subsea-næringa auka traffsikkerheten på fôrforbruket? utfordra Kaspar Løberg Tangen i Deloitte.

Målingar av biomassen i mærda, og teljing av lus er to døme på dei kjende utfordringane havbruksnæringa slit med og som automatiserte målingar og gode datasystem bør kunna forbetra. Rett foring er eit tredje område der automatisering av målingar og rutinar vil kunna gje store utslag på lønsemda, hevdar Kaspar Løberg Tangen i Deloitte.

Røktarane forar i dag fisken på grunnlag av erfaring og magekjensle. Dei er usikre på om fisken får nok fôr, om dei forar 120 prosent eller 90 prosent i forhald til kor mykje fisken et.

Grafisk presentasjon
Tangen ser for seg eit dataprogram der selskapet kan få ei grafisk framstilling av foringa per dag, veke, månad og år, samanlikna med fisken sitt faktiske behov.

– Når fôrbudsjettet utgjer ein halv milliard kroner i året, vert det mykje å spara, sjølv om ein berre aukar treffsikkerheten på foringa med ein prosent, seier Tangen.

Manuelle målingar
Innan havbruksnæringa vert svært mange av målingane framleis utført manuelt, fortalde Trond Kathenes, IT-sjef i Grieg Seafood ASA.

Oppdrettsnæringa inngår i eit svært komplekst samspel med miljø og naturkrefter.
For å oppnå tilsvarande nytte av digitale løysingar innan havbruk, som innan olje og gass, må ein først automatisera målinga av tilstanden på ei rekkje faktorar; internt i mærdene, om bord på flåtane og i lokalmiljøet i tillegg til offentleg informasjon som værmeldingar, algevarsel og forureining.

Sanntidsinformasjon og beslutningsstøtte
– Oppdrettsnæringa treng eit digitalt paradigmeskifte for å veksa. Vi må spela på lag med naturen, vi må forstå naturen. Vi må vera i forkant og forstå risikobiletet. Det krev gode sensorar, gode grunndata og høg grad av sanntidsinformasjon, sa Kathenes.

– Havbruksnæringa må automatiserast for å kunna ta betre beslutningar. Vi treng beslutningsstøtte og early warning-system for å kunna iverksetja tiltak i tide. Vi treng sensorar, og programvare som gjev predikasjon, indikasjon og simuleringar, oppsummerte Kathenes.

 

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s