Bompengesjokk eller luksusfelle?

Er Sotrastrilen verkeleg så desperat etter eit nytt Sotrasamband at han ikkje bryr seg om kostnadane? Framtidige reisekostnadar er eit reknestykke med mange ukjende.

Framtidige reisekostnadar vil ikkje berre verta avgjort av bompengane på Sotrasambandet.
Det er ikkje berre bompengane på Sotrasambandet aleine som vil avgjera Sotrastrilen sine framtidige reisekostnadar.

Sett med ein scenarieutviklar sine auge, er det ei spanande tid vi lever i. Norge er i omstilling, og rammebetingelsane Sotrastrilen må forhalda seg til er i rask endring. Disrupsjon er etter mange si meining eit ord som beskriv den globale utviklinga betre enn innovasjon.

Bompengar, miljøpakkar, bildeling og førarlause bilar er signal om at utviklinga også vil endra transportsystemet.

Det er på denne bakgrunnen at vi må vurdera Statens vegvesen sitt framlegg til bompengefinansiering av eit nytt Sotrasamband: Har vi verkeleg råd til dette?

To drivkrefter
Eit scenarieprosjekt vil spinna kring to sentrale drivkrefter. Det er nærliggjande å tenkja at prisen på byturen kan vera ei av drivkreftene.

Utviklinga på arbeidsmarknaden kan tenkjast å vera den andre.

Prisen på byturen
39 kroner ein veg, betaling begge vegar og 20 års nedbetalingstid er det Statens vegvesen reknar med er naudsynt for å finansiera bilistane sin del av kostnaden.

Les: Vi må betala bompengar i 20 år

Reknestykke med mange ukjende
Bomringen i Bergen kjem i tillegg. Det gjer også parkering. For dei som bur vestanfor Kolltveit-tunnelen vil det om få år i tillegg koma bompengar på nyevegane mot Sund og Ågotnes/Øygarden. Alt dette er førebels ukjente storleikar i reknestykket.

Betalingsvilje
I reknestykket har Statens vegvesen derimot teke høgde for bilistane sin betalingsvilje. Vert reisekostnaden høgare, vil dei reisande velja andre måtar å ta seg fram – eller dei flyttar, tilseier prognosene.

0-vekst i trafikken
Då noverande Sotrabrua vart opna i 1972, kom flaumen av Bergensarar som ønskte einebustad med hage. Brua vart nedbetalt på rekordtid.

Nokon tilsvarande trafikkvekst vil ikkje hjelpa oss med nedbetalinga denne gongen, skal vi tru Statens vegvesen. Dei legg opp til 0-vekst i trafikken i nedbetalingsperioden.

Elbilar og svevestøv
Om 0-veksten også omfattar elbilar er usikkert. Sjølv om vi klarar få til eit unntak for elbilar i første omgang, skapar merksemda kring miljø og klimaspørsmål auka fokus kring bilbruken generelt. Om elbilane ikkje fører til CO2- og NOx-utslepp, bidreg dei like mykje som andre bilar til helsefarleg svevestøv og forureining i byar som Bergen.

At det vil koma restriksjonar på bilbruk i framtida, bør vi rekna med.

Dyrare i Bomringen
Det er grenser for kor stor trafikkvekst Bergen kan ta unna. Byen planlegg store og kostbare forlengingar av Bybanen til Fyllingsdalen og Åsane. Når dei kjem og kor mykje dei vil redusera biltrafikken på hovudinnfartsårane i sentrum, er uvisst.

Uansett skal bilistane vera med å finansiera dei nye Bybane-traseane. At det vert dyrare å passera Bomringen bør ingen tvila på. Kor mykje, kan vi i dag berre spekulera på. Planane om å flytta bomstasjonane til Bergen Vest tilseier at det ikkje vil vera råd å sleppa unna.

Arbeidsmarknaden
Med god privatøkonomi kan det tenkjast at Sotrastrilen kan tola å betala 200 kroner dagen i bompengar. Noko som vil innebera ei årleg ekstrautgift på oppimot 48.000 kroner.

Utviklinga på den lokale arbeidsmarknaden er eit varsel om at alt ikkje er som før. Tapet av meir enn 1.000 oljesmurte arbeidsplassar på Ågotnes merkast. Sotra-kommunane har rekordhøg arbeidsløyse.

Les: På ledighetstoppen i Hordaland

Nye arbeidsplassar vil ha andre krav til kompetanse. Høgst truleg vil mange av dei også ha lågare løn.

Det er grunn til å frykta at enno fleire arbeidsplassar vil verta automatisert vekk i den pågåande digitaliseringa.

Truleg vil stadig færre Sotrastrilar vil ha ein privatøkomi som toler slike reisekostnadar.

Har vi noko alternativ?
Framtidig trafikkvekst skal skje med kollektiv, ifølgje Nasjonal Transportplan. Straume byrjar få bra kollektivdekning, men det same kan diverre ikkje seiast om tilkomsten til dei fleste andre bygdene i øyriket vest for Bergen.

Eit båtsamband til Sotra er ikkje utgreidd, trass i at det har vist seg å verta ein stor suksess til Askøy.

Les: Kleppestø kan får båtavgang kvart kvarter

Båt er eit tema Sotrastrilen har vegra seg for å ta opp. Det er lett å gjera som Ranveig Frøiland, avfeia temaet med spørsmål om kvar båten skal leggja til.

Les: Båt eit rimeleg alternativ til ny Sotrabru

Når ein tenkjer etter, er det likevel kan hende ikkje så rart, når kommunestyret har gjeve ein noverande politisk komiteleiar løyve til å fylla ei av dei mest sentrale farleiene med stein?

Les: Straumsundet må gjenopnast som farlei

Om vi stoppar opp og tør satsa – eit båtsamband vil ha kortare anleggstid og heilt andre reisekostnadar. Med ein bybane på sjø vil vi dessutan kunna omgå bompengane.

Eller er Sotrastrilen blitt overmotig etter 50 år med kontinuerleg vekst? Tør vi verkeleg satsa på at den siste dionosauren skal løysa alle problema i lokal samferdsel?

5 Comments

  1. Eg vil nok tru at det er vel optimistisk å rekne med at brua tur/retur berre vil kosta 70,-kr.
    I eit interjuv med BA i 2116 antydar Fjell-ordførar Bjorøy at det kan bli aktuelt med opptil 90.-pr veg,slik at det da vil bli 180.- kr……altså godt og vel det dobbelte av det som vert antyda i artikkelen over.
    link: https://www.ba.no/bergen/politikk/samferdsel/det-kan-komme-til-a-koste-90-kroner-hver-vei-over-sotrabroen/s/5-8-290817
    I denne artikkelen antyder den samme ordførar Bjorøy ein grense på 100-kr t/r
    https://samferdsel.toi.no/reportasjer/kanskje-for-dyre-for-bilister-flest-article33348-2225.html

    Konkusjonen er nok at vi set i gang utan å vite kostnadane,om det egentleg er behov for ny bru,og om sotraværingane i det heile teke vil ha den.

    Likar

    1. 70 kroner tur/retur er nok vel optimistisk. Slik det ser ut no, ligg det an til 39,- kvar veg, fråtrekt rabatt, altså 78 kroner tur/retur.
      Slik eg oppfattar Marianne Sandahl Bjorøy, har ho heile tida halde fast på at det går ei smertegrense ved 50 kroner ein veg.
      Men, framtida er usikker. Går dei først i gang med byggjinga, vert vi nøydd til å betala det dei krev…

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s