Bygg høgare og tettare – KDP for Straume sett til side

Reguleringsplanen og kommunedelplanen for Straume tilseier småhus. No får grunneigarane istaden lov å byggja blokker, tilrår Komite for plan og utvikling.

Blokkene er plassert inn i eit eksisterande bustadområde, med einebustadar og småhus i aust, sør og vest.
Blokkene er plassert inn i eit eksisterande bustadområde, med einebustadar og småhus i aust, sør og vest. Straumehagen på nordsida av Bildøyvegen.

Det nye bustadområdet Heimtun ligg i randsona til Sotra Kystby, like sør for Sartor Senter, tvers over Bildøyvegen. Komite for plan og utvikling hadde planen til første gongs behandling i dag.

Småhus
Planen bryt med dei overordna retningslinjene for området. Både den gjeldande reguleringsplanen for området, og kommunedelplanen for Straume, tilseier at det skal byggjast konsentrerte småhus med mønehøgde inntil 9 meter.

Lang prosess
Arbeidet med reguleringsplanen for det åtte mål store området starta i 2012. I dei fem åra som har gått, har den innleigde plankonsulenten sendt fleire planutkast til Teknisk avdeling i Fjell kommune, viser sakspapira.

Inntil fem etasjar
Kvar gong fekk grunneigar tilbakemeldig frå Teknisk avdeling om at utnyttinga var for låg, utan at kommunen spesifiserte kor høg utnytting dei såg for seg.

Endeleg, etter å ha motteke eit planutkast for blokker med inntil 73 bustadar i inntil fem etasjar på det åtte mål store området, sa rådmann og teknisk sjef seg nøgde.

Total utnyttingsgrad er no sett til 45 prosent byggjeareal (BYA).

Planen inneber at to bustadhus må rivast.

Omgjeven av einebustadar
Blokkene vil koma midt i eksisterande busetnad. I aust og vest er det spreidde einebustadar, i sør småhus. I nord ruvar blokkene Straumehagen og Ankerhagen.

Grunneigarane har ønska å ha eit godt tilhøve til naboane. I eit forsøk på å ta omsyn til utsikt og lystilhøve, og for å skapa eit variert inntrykk, er difor høgda på nokre av blokkene trappa ned mot sør og vest.

Ønska ikkje ny konflikt
Politikarane i Komite for plan og utvikling såg dilemmaet då dei hadde planutkastet til førstgongs politisk behandling. Komiteen har merka seg kontroversane kring høge blokker inntil ein einebustad i Gjeitevikja, og ønska å unngå same oppstyret ein gong til.

– Les: Ny Ankerhagen-konflikt på Straume

For høgt!
Planutkastet avvik frå Kommunedelplan for Straume på fleire vesentlege punkt: Der kommunedelplanen legg opp til mønehøgde på inntil 9 meter, legg planen opp til at maksimal byggjehøgde på blokkene skal vera på heile 17 meter, innvende Anne Hestnes (A).

Politikarane måtte ta gruppemøte for å diskutera situasjonen.

Fem etasjar er for høgt, vart politikarane i Komite for plan og utvikling samde om, men å krevja at grunneigarane skulle byggja småhus i staden, var ikkje noko alternativ.

– Ta ned ein etasje over det heile, og føl dei planlagte nedtrappingane, vart komitemedlemmane samde om.

Rekkefølgjekrav
Rådmann og teknisk sjef vil også ha inn eit rekkefølgjekrav om at grunneigar skal stå for etableringa av den planlagte rundkøyringa mellom Bildøyvegen, Arefjordvegen og Sartorvegen.

Politikarane dempa kravet, noko. Rundkøyringa skal betena fleire eigedomar. Eigarane til Heimtun slepp difor unna med å betala anleggsbidrag. Storleiken må fastsetjast i ein utbyggingsavtale, men dei slepp bera heile kostnaden aleine.

Ein del av rundkøyringa vil uansett koma på grunneigarane sin eigedom. Denne er det sett av plass til i reguleringsplanen.

Ut på høyring
Dei føreslegne endringane i planen må gjennomførast før planen kan leggjast ut på høyring. Teknisk sjef får fullmakt til å leggja planen ut på høyring så snart endringane er gjort.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s