Villsau, røykjelaks og sider skal lokka tyske turistar til Vestlandet

Flambert villsau og røykjelaks frå Sotra fekk bein å gå på under Internationale Grüne Woche i Berlin.

Christian Økland si flambering av akevittmarinerte råvarer fekk tyskarar i hopetal til å stoppa opp framfor den vestlandske fellesstanden
Kjøkkensjef Christer Økland frå Restaurant 1877 flamberte akevittmarinerte råvarer så tyskarar i hopetal stoppa opp framfor den vestlandske fellesstanden på Internationale Grüne Woche i Berlin. Her flankert av dagleg leiar Christina Bollmann Lie og bookingsjef Anita Glosvik hos Cornelius Sjømatrestaurant.

Internationale Grüne Woche vert arrangert i Berlin og er den største matmessa i verda. Over 400.000 besøkjande var innom dørane dette året.

Hovudrolla
Villsauen frå Strilalam, tilberedt på mange ulike vis, spelte hovudrolla på den vestnorske fellesstanden dette året, saman med Vestlandsk Fjordfe og sider frå Hardanger, fortel matattaché Gunnar Nagell Dahl ved Fylkesmannen i Hordland. Han leia den vestlandske fellesdelegasjonen med 18 verksemder.

Smaksprøvar
Cornelius på Holmen og Restaurant 1877 bemanna den vestnorske restauranten og var svært synleg tilstade. Framfor augene på dei fleire hundre tusen besøkjande tilbereidde kjøkkensjef Christer Økland smaksprøvar av dei finanste råvarene frå Fjordnorge på måtar som gav tyskarane vatn i munnen.

Særleg stor var interessa for Cornelius sin heimerøykte røykjelaks, seier Lie.

Flambering
Kokkane fekk lov til å eksperimentera. Nytt av året var flambering med akevitt. Ein teknikk som får fram nye, spanande smakar og som dei heilt sikkert vil jobba vidare med her heime, rosar ein forventningsfull matattaché.

– Kjempegøy, oppsummerer ei strålande nøgd Christina Bollmann Lie tilbakemeldingane frå dei besøkjande. Neste år vil den daglege leiaren på Cornelius svært gjerne ha ansvaret for den norske hovudrestauranten.

Opptekne av miljø
– Tyskerane er opptekne av miljø, og kjøper gjerne vilt og mat frå småskala produsentar som har kontroll over heile produksjonen sjølv. Norsk lammekjøt har vi hatt med tidlegare, utan særleg suksess, men då vi fortalde at dette var villsau, tok interessa heilt av, fortel Nagell Dahl.

Landbrukssubsidiene eit hinder
– Det vi hadde med av lokale råvarer forsvann veldig fort, som smaksprøvar. Vi kunne ha seld mykje meir, men dei norske landbrukssubsidiene utgjer eit hinder for å eksportera norskprodusert mat til utlandet, seier Nagell Dahl.

Samarbeid med reiselivet
Den norske deltakinga på messa var eit samarbeid mellom matprodusentane og reiselivet.

– Hovudmålet var å lokka turistane til Norge for å smaka meir, seier Nagell Dahl.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s