Ventar motstand mot å flytta asfaltverket til Straume Næringspark

Asfaltprodusenten Lemminkäinen vil flytta frå Knarrevik og ser seg om etter ny tomt. Blikket har falle på Straume Næringspark.

Det er tilsetjingsstoffa som er årsaka til luktproblema for asfaltverket til Lemminkäinen i Knarrevik.
Det er tilsetjingsstoffa i asfalten som er årsaka til luktproblema for Lemminkäinen i Knarrevik. Foto: Lemminkäinen / Tomas Moss, icu.no

Asfaltverket på Knarrevik har fått mykje kritikk for å spreia dårleg lukt i nabolaget. I dag hadde asfaltprodusenten henta to av toppleiarane i konsernet til Fjell for å orientera formannskapet om planane om å flytta asfaltverket til Straume Næringspark.

På Straume har Lemminkäinen sett seg ut ein tomt heilt i sørenden av industriområdet, i tilknyting til Atle Ulveseth sitt nye prosjekt.

Mindre lukt
– Denne plasseringa vil vera mindre belastande for innbyggjarane i Fjell enn dagens, og luktproblema vil verta mindre på Straume enn i Knarrevik, hevda
Åsbjørn Skrettingstad, direktør for kunde og sal i Lemminkäinen konsernet.

Einkle meterologiske undersøkingar viser at det er nordavinden som dominerer i mai – august som er travlaste månadane for asfaltproduksjonen. På Søre Straume vil det innebera at lukta vil forsvinna sørover i farleia, antyda Nicolas Alexander Hall som er direktør for operasjonsplanlegging og utvikling i Lemminkäinen konsernet AS.

Synnavind mot Straume Sentrum
Men asfaltverket har produksjon heile året. I dei andre åtte månadane er det synnavinden som dominerer. Då risikerer ein at luktproblemet kan koma til å spreia seg nordover i retning Straume sentrum.

Ja eller nei?

- Gje oss ja eller nei. Får vi ja, skal vi utføra analyser av risikoen, lova Nicolas Alexander Hall, direktør for operasjonsplanlegging og utvikling i Lemminkäinen konsernet.
– Gje oss ja eller nei. Får vi ja, skal vi utføra analyser av risikoen, lova Nicolas Alexander Hall, direktør for operasjonsplanlegging og utvikling i Lemminkäinen konsernet.

– For å verta sikre på vindretningane og korleis lukta spreier seg, må vi gjennomføra kostbare analyser. Svar oss ja eller nei. Får vi ja, skal vi gjennomføra nærare analyser av risikoen. Vi utfører ikkje desse analysane dersom de seier nei alt i dag, sa Hall.

Utvida gruppemøte
Flyttinga var tema for eit utvida gruppemøte i Høgre tidlegare denne veka, fortalde varaordførar Tom Georg Indrevik (H). Sjølv var han i utgangpunktet positiv. Vi treng asfalt, ein stad må asfaltverket liggja. Dette bør vi få konsekvensutgreidd. Det er jo uansett slik at det er fylkesmannen som gjev konsesjon etter tilråding frå oss, sa Indrevik.

Kva med Gjeitevikja?
Politikarane nølte. Svein Bergh (SL) viste til at Skanska for nokre år sidan hadde tilsvarande planar i området, utan at dei er realisert. Han spurte om det er same tomten det er snakk om.

Odd Bjarne Skogestad (KrF) var også skeptisk. Han viste til at kommunestyret i siste møte vedtok reguleringsplanen for friområdet Gjeitevikja som ligg like nord for det potensielle anleggsområdet.

Trussel om stengning
Flytteplanane har fleire årsakar, ifølgje Skrettingland.

Dagens asfaltverk ligg dels i traseen for det nye Sotrasambandet. Lemminkäinen har ikkje klart å få ei avklaring med Statens vegvesen korvidt asfaltverket kan vera i produksjon i anleggstida, eller om dei vert nøydde til å stengja verksemda dei tre åra anleggsarbeidet vil pågå.

Djupvasskai
Dagens tomt byrjar å verta liten, og Lemminkäinen ønskjer å ekspandera det som er største asfaltverket i konsernet, med 100 tilsette og ein omsetnad på 200 millionar kroner i året.

På Søre Straume vil dei også få tilkomst til djupvasskai. I så fall vil mykje av asfalten og råvarene som inngår i produksjonen kunna sendast sjøvegen. Det noverande anlegget mottek 30 – 40 lastebilar dagleg.

Ventar motstand
– De har kome med eit klart bodskap, gje oss litt tid til å drøfta saka. Vi veit det vil verta mykje motstand frå nærområdet mot planane. Det trengst eit visst politisk trykk, skal det verta noko, avslutta ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s