190.000 kroner – din del av bompengane

Forslaget til bompengefinansiering av nytt Sotrasamband vil tredobla Sotra- og Øygardsstrilane si offentlege gjeld. Fleirtalet i formannskapet i Fjell støttar det historisk rekordhøge gjeldsopptaket.

Sotrasambandet er så viktig, både lokalt og nasjonalt, at Staten bør fullfinansiera
Sotrasambandet er så viktig, både lokalt og nasjonalt, at det bør fullfinasierast av Staten, foreslo Anita Garlid Johannessen (FrP). Ho var einaste i Formannskapet i Fjell som ved å foreslå statleg fullfiansiering av sambandet, indirekte stemte mot å auka innbyggjarane sin offentlege gjeldsbyrde frå 60.000 til 250.000 kroner.

Gjeldsopptaket i samband med bompengefinasieringa av nytt Sotrasamband vert historisk rekordhøgt. 7 milliardar kroner – det er den totale summen som Sotra- og Øygardstrilar må ut med i bompengar for å finansiera det 9,4 kilometer lange brusambandet.

Les: Bompengesjokk eller luksusfelle?

Historisk gjeldsopptak
Vekstkommunane vest for Bergen har teke opp meir gjeld enn mange andre kommunar for å finansiere naudsynte investeringar siste tiåra. Den gjeldsbyrden politikarane no er i ferd med å påføra oss er likevel utan samanlikning i historisk samanhang, framkjem det av rekneskapane for dei tre kommunane.

Tredobla gjeldsbyrden
Fjell, Sund og Øygarden si samla gjeld for bygging av skular, barnehagar, sjukeheimar, omsorgsbustadar og vatn og avløp, utgjer i dag til samanlikning berre vel 2,1 milliardar kroner.

Vi klagar over offentlege gebyr i dag, men ved å akseptera bompengevilkåra for Sotrasambandet vil innbyggjarane sin offentlege gjeldsbyrde verta meir enn tredobla samanlikna med dagens situasjon.

250.000 per innbyggjar
Sju milliardar delt på dei 37.000 innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden utgjer i underkant av 190.000 kroner per hovud, uansett alder.

I dag utgjer den kommunale gjelda for kvar og ein av oss i snitt noko under 60.000 per hovud.

Bompengeforslaget inneber at Sotra- og Øygardsstrilane sin personlege offentlege gjeldsbyrde aukar frå 60.000 kroner til 250.000 kroner. Trekk frå dei yngste, og dei aller eldste, og alle utan førarkort. Så vil belastninga på dei attverande verta langt større.

Alternativt forslag
Berre Anita Garlid Johannessen stemte mot bompengeforslaget då Formannskapet i Fjell behandla saka i går. FrP-representanten fremja i staden eit alternativt forslag til vedtak:

– Sotrasambandet er så viktig både lokalt og nasjonalt at det må fullfinansierast av Staten. Fjell kommune ber Staten leggja fram ein finansieringsplan utan bompengar, foreslo Garlid Johannessen.

Forslaget om full statleg finansiering fekk berre hennar eigen stemme.

7 milliardar i bompengar
Anleggskostnadane for Sotrasambandet er kalkulert til 9,6 milliardar kroner, orienterte avdelingsleiar Helge Sandvik i Statens Vegvesen medlemmane i formannskapet.

Staten vil finansiera 53 prosent av anleggskostnadane, totalt 5,1 milliardar kroner. Bompengane skal driva inn resten, i tillegg til drifts- og rentekostnadar i den 25-årige OPS-perioden.

Les: Vi må betala bompengar i 20 år

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s