Etterlyser folkemøte om helikoptertraseane

Ordførar Kari Anne Landro i Sund reagerer på at Avinor utset folkemøtet om dei nye helikoptertraseane, og at luftfartsverksemda i staden freista å hemmelegstempla informasjon. No ønskjer ho å få samtalen tilbake på sporet.

kari-anne-landro-webLike over sommarferien i fjor var Sund-ordføraren i møte med Avinor om arbeidet med nye helikoptertrasear.

Sjølv om helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen har vekt sterkaste protestane i Fjell, er det også eindel sundsokningar, særleg i Skogsvågområdet, som har klaga på støy. I Sund er det likevel ingen raude byggjeforbodssoner som følgje av helikopterstøy, slik som i Fjell.

Les: Slik vil Avinor unngå helikoptertrafikk over tett befolka Litle Sotra

Folkemøte
– Avinor gav ei veldig god orientering, både om trafikken i dag, og kva retningslinjer dei må ta omsyn til ved ei eventuell omlegging av traseane. Samstundes lova dei å koma og gje innbyggjarane snarleg informasjon på eit folkemøte, seier Landro.

Fortalde om utfordringane

Dette kartet som Avinor viste på møte med ordføraren i Sund i august, var utgangspunkt for diskusjonen om korleis helikoptertrafikken i framtida kan passera over Sotra utan å gå over det som i dag er tett befolka område.
Dette kartet som Tunnelsyn viste i september, var Avnor sitt utgangspunkt for diskusjonen om korleis helikoptertrafikken i framtida kan passera over Sotra utan å gå over tett befolka område.

Området vest for Flesland har unike problemstillingar, med mange fly, og mange helikopter som kryssar innflygingstraseen til flya, noko som kompliserer arbeidet med å finna gode helikoptertrasear, var inntrykket Landro sat att med etter møtet med Avinor.

– Denne informasjonen kunne godt ha kome ut til innbyggjarane, også, seier Landro.

– Folk er veldig mottakelege for informasjon. At Avinor må gjera flytekniske vurderingar og sikkerhetsklarera traseane, det forstår vi.

Hemmelegstempla
I staden for det lova folkemøtet, fekk kommunen like før jul tilbakemelding i eit brev stempla unnateke offentlegheit.

Hemmelegstemplinga kan ha bakgrunn i redsle for å lova for mykje, trur Sund-ordføraren. I frykt for å leggja fram forslag som ikkje lar seg gjennomføra flyteknisk, vil Avinor ha avklart dei flytekniske vurderingane før dei presenterer dei endelege forslaga til nye trasear for innbyggjarane i Sund.

Avhengig av openheit
– Som ordførar er eg avhengig av å ha same informasjonen som dei administrativt tilsette. Når informasjon er unnateke offentlegheit kan eg ikkje diskutera prosessen med andre politikarar, eller be innbyggjarane om innspel. Det vert problematisk, seier Landro.

– Som ordførar er eg ingenting utan at eg har politikarane og innbyggjarane med meg, legg ho til.

Bedt om orientering
Frå Sund kommune si side er det ønskjeleg at Avinor også nyttar arealplanen som bakgrunn i planlegginga. At dei må ta omsyn til noverande og framtidig arealbruk, tettstadar, skular og barnehagar.

Korvidt det vert gjort, og i kor stor grad, er noko ordføraren etterlyser svar på.

– Vi veit at ikkje alt kan verta teke omsyn til, og at det vil kunna vera motstridande interesser her, seier ho.

Innsyn i vurderingane
– At Avinor finn det forsvarleg å ta alle dei omsyna vi ønskjer dei skal ta, er slett ikkje sikkert. Når Avinor legg fram forslaga sine, ønskjer vi likevel å få vita kva omsyn dei har vurdert, seier Landro.

– Dersom vi skal vera i stand til å koma med gode innspel og merknadar, er det avgjerande at vi er orientert i forkant og veit kva vurderingar Avinor har gjort undervegs, understrekar ho.

Offentlegheitslova gjeld
Sundordføraren opplever ikkje dette som medvite hemmeleghald frå Avinor si side.

– Sjølv om det kan vera krutt i det – men det trur eg ikkje det er i dette tilfellet – er det ikkje grunnlag for å unnta denne informasjonen frå offentligheita, hevdar Landro.

Siden det er snakk om informasjon mellom to offentlege organisasjonar, er det offentlegheitslova som gjeld, seier ho.

Deira initiativ
I håp om å finna ut status på arbeidet med omlegging av helikoptertraseane, har ordføraren nyleg sendt eit brev til Avinor. I brevet oppfordrar ho luftfartsverksemda om å koma og halda ei orientering for Formannskapet eller Kommunestyret i nær framtid.

– Folkemøtet var noko Avinor tok opp på eige initiativ. Når ein tek opp slike initiativ, har vi rett å få meir informasjon. Om ikkje, undrast eg på kvifor dei tok dette initiativet i utgangspunktet, seier Landro.

– Vi hadde ein veldig god dialog i august, og eg er overbevist om at vi skal klara å koma tilbake på sporet, avsluttar ordførar Kari Anne Landro i Sund.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s