Sundordføraren må venta på folkemøtet

Avinor kjem ikkje til å stilla på noko folkemøte i Sund og orientera om alternative nye helikoptertrasear før dei er flyteknisk vurderte og godkjende.

Norske luftfartsmyndigheter leitar framleis etter det dei meinar er den verkelege årsaka til Turøy-ulukka.
Sundordførar Kari Anne Landro og sikkerhetssjef Jan Per Fosse i Avinor er samde om at færre bustadar på Sotra skal vera utsette for helikopterstøy.

– Vi ønskjer å diskutera alternative trasear som er operativt gjennomførbare, grunngjev Jan Per Fosse, Avinor sin sikkerhetssjef på Flesland, avgjerda.

Les: Etterlyser folkemøte om nye helikoptertrasear

Fosse bekreftar dermed Sundordførar Kari Anne Landro si frykt for at hovudtrekka når det gjeld valet av nye helikoptertrasear kan vera avgjort før politikarane og innbyggjarane i Sund får høve til å komma med sine innspel og merknadar til dei konkrete alternativa.

Færre bustadar i støysonene
Sikkerhetssjefen understrekar at Avinor har invitert Sund og dei andre kommunane til å koma med innspel til det saksførebuande arbeidet med nye og mindre støyutsette trasear.

– Målsetjinga vår er å redusera talet på støyutsette bustadar. Innspela frå arealplanen, om fortettingsområde, skular og barnehagar er noko vi vil leggja til grunn når vi ser på nye løysingar, lovar han.

– Avinor startar arbeidet no, med helikoptertrafikken, og så ser vi på flytrafikken seinare, seier Fosse.

Endringar og konfliktar

Dette kartet som Avinor viste på møte med ordføraren i Sund i august, var utgangspunkt for diskusjonen om  korleis helikoptertrafikken i framtida kan passera over Sotra utan å gå over det som i dag er tett befolka område.
Det er usikkert korvidt dei tre alternative helikoptertraseane på dette kartet som Avinor viste på møte med ordføraren i Sund i august, framleis er aktuelle.

Avinor si nøling vitnar om at det har skjedd endringar og konfliktar i kulissene undervegs i arbeidet med nye helikoptertrasear.

Tunnelsyn viste i haust ei kartskisse med tre alternative trasear sett mot ein bakgrunn av befolkningstettleiken i kommunane vest for Bergen. Denne skissa kan sikkerhetssjefen ikkje kommentera.

Les: Slik vil Avinor unngå helikoptertrafikk over tett befolka Litle Sotra

Avinorsjef Aslak Sverdrup sa den gongen til Tunnelsyn at skissa var eit resultat av fleire møte mellom kommuneleiingane i Fjell, Sund og Øygarden, og at forslaget var til høyring i kommunane.

Historisk radarinformasjon
Å utarbeida nye prosedyrar for helikoptertrasear er teknisk komplisert. Som grunnlag for dei flytekniske vurderingane nyttar dei no for første gong også informasjon frå den nye traseovervakingsradaren som Avinor fekk tilgang til hausten 2014.

Siste året var det kring 12.000 helikopterbevegelsar i luftrommet kring Flesland. Analysen av radarinformasjonen gjev Avinor ei betre forståing av trafikkbiletet og korleis trafikkbiletet endrar seg, mellom anna med ver og vind, ifølgje Fosse.

Usikker på tidspunkt
– Vi lovar å orientera politikarane i Sund så snart dei flytekniske vurderingane er gjort, seier Fosse.

Dei flytekniske vurderingane er det ein eigen avdeling i Avinor sentralt som skal utføra, men der har dei kapasitetsvanskar, ifølgje Fosse. Noko tidspunkt for når Landro og dei andre politikarane i Sund kan få den etterlyste orienteringa tør han difor ikkje lova.

Så veldig langt unna skal det likevel ikkje vera, antydar sikkerhetssjefen. Han vågar likevel ikkje lova at dei rekk kommunestyremøtet 28. mars, som Landro har invitert dei til.

Offentleg informasjon
Avinor sitt brev til Sund kommune om dei framtidige helikoptertraseane er ikkje lenger unnateke offentlegheita, ifølgje sikkerhetssjefen.

– Avinor meinte brevet var del av det saksbørebuande arbeidet vårt. Vi fekk ein innsynsbegjæring som resulterte i ein annan konklusjon, konstaterer han.

Sundordførar Kari Anne Landro kan dermed fritt diskutera innhaldet i brevet både med dei tilsette på teknisk avdeling, andre politikarar og interesserte sundsokningar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s