Avslører fangsten i trålen

Eit kamera i trålposen, kopla i sanntid mot eit digitalt analyseverktøy. Om få år skal ein fiskeskippar kunna vita kva slags fisk han har i trålen, kor stor fisken er og kor stor fangsten vert, før han hiv trålposen om bord.

Før trålen er tilbake om bord, veit ein fiskeskippar i dag svært lite om kva art, storleik og mengde det er på fangsten. Den usikkerheten har Scantrol Deep Vision bestemt seg for å redusera, seier forretningsutviklar og marknadssjef Hege Hammersland-White i Scantrol Deep Vision AS.

Havforskingsinstituttet
Gjennom eit innovasjonssamarbeid (OFU) med Havforskingsinstituttet har den vesle familieverksemda Scantrol Deep Vision utvikla eit verktøy for å automatisera bestandsteljingane av ulike fiskeslag.

Døme på grafisk visualisering av fiskeslaga i trålen gjennom eit fleire timerlangt trålhal.
Døme på grafisk visualisering av fiskeslag og mengde som passerer gjennom trålen gjennom eit tre timer langt trålhal.

Deep Vision er ei ramme påmontert eit undervasskamera som vert festa i trålen. Kamera-bileta vert overført til ei datamaskin om bord i fiskefartøyet som utfører ein statistisk analyse av fangsten. Verktøyet har etterkvart blitt godt både på å artsbestemma fisken og på å fastsetja lengde og mengde av ulike fiskeslag i trålen, ifølgje Hammersland-White.

Kommersiell fangst

Slik kan det tenkjast at morgondagens fiskeskipparar får beslutningsstøtte til meir effektivt fiske.
Slik kan det tenkjast at morgondagens fiskeskipparar får beslutningsstøtte til meir effektivt fiske.

No vil Scantrol Deep Vision vidareutvikla systemet til bruk som eit beslutningsstøtteverktøy innan kommersielt fiskeri. Å få dei krevjande statistiske analysane utført i sanntid er ei av utfordringane dei står ovanfor.

– Når fiskefartøyet kjører med open trål, og skipparen til eikvar tid ser kva som er i trålen, skal han kunna velja å lukka trålposen og hiva inn når fangsten er optimal, seier Hammersland-White.

Fiskeskipparen skal også kunna sortera vekk fiskeslag som fartøyet ikkje har kvotar på, eller som er for liten til kommersielt fiske.

Effektivt og miljøvenleg
Forretningsutviklaren er overtydd om at løysinga Scantrol Deep Vision held på å utvikla vil kunna hjelpa fiskefartøya å fylla kvotane sine meir effektivt og med mindre forbruk av drivstoff.

Ikkje minst vil fiskeria verta meir miljøvenleg, avdi det vert mindre villfangst å dumpa tilbake på havet.

EU-krav

Forretningsutviklar Hege Hammersland-White i Scantrol Deep Vision forventar at dei vil ha analyseverktøyet klart til EU innfører forbod mot dumping av villfangst og krav om betre dokumentasjon av fangsten.
Forretningsutviklar Hege Hammersland-White i Scantrol Deep Vision forventar at dei vil ha analyseverktøyet klart til EU i 2019 innfører forbod mot dumping av villfangst og krav om betre dokumentasjon av fangsten.

Scantrol Deep Vision vart presentert på Nor Fishing 2016. Først om to år planlegg Scantrol å ha verktøyet for statistisk analyse av trålfangstar klart for kommersialisering.

I 2019 innfører EU eit totalt forbod mot dumping av fisk som ikkje er i samsvar med fartøyet sine lovlege kvoter. Samstundes vert kravet til dokumentasjon av fangstane strengare.

– Scantrol Deep Vision skal bidra til å løysa begge utfordringane, hevdar Hammersland-White.

Stor innovasjonshøgd
Utviklinga av Deep Vision skjer i eit OFU-samarbeid med støtte frå Innovasjon Norge.

-Løysinga har stor innovasjonshøgde. Ingen andre utviklar tilsvarande løysingar, hevdar forretningsutviklaren.

Havbruk?
Scantrol Deep Vision AS er medlem i subseaklynga på Ågotnes. Henvendingar frå verksemder i havbruksnæringa gjer at dei vurderer ei framtidig vidareutvikling av det kamerabaserte analyseverktøyet til bruk i oppdrettsmærdene.

Særleg tre oppgåver peikar seg ut som interessante: Gjenkjenning og teljing av lus, estimat av biomasse i mærdene, og gjenkjenning av andre sjukdomar, seier Hammersland-White.

Les: Havbruk utfordrar subsea

Biletkvaliteten er bra nok til å identifisera lus.
Biletkvaliteten er bra nok til å identifisera lus.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s