Gjestekommentar: Lettbeint sakshandsaming gav «nei» til Vinmonopol

Ein del europeiske land ser mot Norge og vår alkoholpolitikk for å sjå om dei kan gjere ting annleis.

Beate Husa (KrF) er ikkje vekk frå at ho og kan koma til å kjøpa ei og anna flaske vin på Vinmonopolet i Skogsvågskiftet. Når ho stemte nei til etableringa var det fordi konsekvensane var så dårleg utgreidd.
Beate Husa (KrF) ser ikkje vekk frå at ho og kan koma til å kjøpa ei og anna flaske vin på Vinmonopolet i Skogsvågskiftet. Når ho stemte nei til etableringa, var det fordi ho meinte konsekvensane var mangelfullt utgreidd i saksframlegget til rådmannen.

Av Beate Husa, Sund KrF (innlegget vart først lagt fram muntleg då i kommunestyret diskuterte etablering av Vinmonopol i Sund.)

Eg er klar over at det i dei alkoholpolitiske retningslinjene til Sund kommune står at kommunestyret vil stilla seg positiv til ei eventuell etablering av vinmonopolutsal i Sund kommune.

Eg hadde likevel forventa ein noko fyldigere saksutgreiing frå rådmannen si side. Han skriv følgande i saka: «bruken av alkohol vil neppe auka noko særlig om tilbudet gjev folk flest lettare tilgang til alkohol.» Er dette synsing frå rådmannen si side? Eller har han funne forskning som underbygger dette.

Alt eg har lest om dette forteller heilt eintydig ein ting:
Auka tilgang gjennom fleire utsalgsstader for alkohol fører til meir bruk. Dermed blir det rart og skuffande at rådmannen kjem med påstander som ser ut til å sjå vekk frå dette. Forskning viser at i byar, der det er fleire salsstader lett tilgjengelig, vil eit nytt utsalg i liten grad auke bruken. Men hos oss, der det tross alt er eit stykke vei til Vinmonopolet til Straume, vil det være grunn til å forvente auka bruk.

Eg var skuffa over at saksutgreiinga ikkje drøfter denne problemstillinga, som er så godt dokumentert gjennom forskning,

Eg er og skuffa over at rådmannen knapt nevner i saka at Nav gjer uttrykk for bekymring i sin uttale, og ikkje i det heile tatt kommenterer innhaldet i den.

Norge er heldigvis eit land som har lavt alkoholforbruk hvis vi måler oss mot dei dei landa som vi vanligvis sammenlikner oss med. Det er faktisk sånn at ein del europeiske land ser mot Norge og vår alkoholpolitikk for å sjå om dei kan gjere ting annleis.

Det er og sånn at debutalderen i Norge går opp, og at ein gledelig nok ser ein stabilisering av alkoholomsetningen, i absolutte tall. Hvis ein reknar inn befolkningsvekst så betyr det faktisk ein nedgang per person i gjennomsnitt.

Desse positive resultatene er eit resultat av ein bevisst politikk.

Det er altså betydelig støtte i forskninga for at alkoholavgifter og restriksjonar som begrenser salgs- og skjenketidene og antallet salgs- og skjenkesteder, er effektive tiltak. Håndheving av minstealder for kjøp av alkohol er også effektivt.

Korvidt dette skal påvirke om vi skal sei nei eller ja i dag, er opp til kommunestyret, men igjen: eg lurer på korfor hopper rådmannen bukk over desse problemstillingane? Denne gongen syns eg ikkje rådmannen har tatt sitt ansvar alvorlig nok med tanke på å utgreie saka sånn at vi politikarar skal kunne ta ein avgjørelse basert på fakta om positive og negative sider knytt til å fatte vedtak.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s