Fekk ros frå Søviknes

– Industriverksemdene på Ågotnes har jobba ekstremt godt for å kutta kostnadar og utvikla teknologi som kan styrka den langsiktige konkurranseevna, rosa olje- og energiminister Terje Søviknes då han i dag vitja subsea-klynga.

Industriverksemdene på Ågotnes har jobba ekstremt godt for å kutta kostnadar, utvikla ny teknologi og styrka den langsiktige konkurranseevna, rosa den ferske olje- og energiministeren Terje Søviknes
– Industriverksemdene på Ågotnes har jobba ekstremt godt for å kutta kostnadar, utvikla ny teknologi og styrka den langsiktige konkurranseevna, rosa den ferske olje- og energiministeren Terje Søviknes. Her saman med Kurt Rune Andreassen, adm. direktør i CCB og Gidske Benedicte Andersen i TechnipFMC.

Møtet med ei kriseramma subseaklynge på Ågotnes kom ikkje uførebudd på Terje Søviknes som i dag vitja CCB for første gong som olje- og energiminister.

Søviknes var likevel jamnt over imponert over det han såg og fekk høyra.

Langsiktig konkurranseevne
– Industriverksemdene på Ågotnes har jobba ekstremt godt for å kutta kostnadar og utvikla teknologi som kan styrka den langsiktige konkurranseevna, rosa han.

– Den styrka konkurransekrafta på norsk sokkel som følgje av lågare kostnadar vil utløysa nye prosjekt og gjera fleire feltutbyggingar lønsame, sa Søviknes.

Det vi ser no ei utvikling som styrkar den norske eksportindustrien. Ein industri som er avhengig av ein konkurransdyktige heimemarknad.

-Dette er ei global krise, med knallhard jobbing dag etter dag for å overleva. Dei som klarar det, kjem styrka ut i den andre enden, la Søviknes til.

Oppakkumulert vedlikehaldsbehov
Første del av besøket var via orienteringar frå CCB AS, TechnipFMC, Aker Solutions og nyetablerte Fabtech AS.

Hovudutfordringa framover vert å få sett i gang med det oppakumulerte behovet for vedlikehald, var innleiarane samde om:

– Det har vore mange handingar i det siste som kunne ha fått alvorleg utgang. Eg håpar det ikkje må ei alvorleg ulukke til før utviklinga snur. «Alle» må etterkvart forstå at snart fire år utan vedlikehald ikkje held, sa administrerande direktør Gert Chr. Strindberg i Fabtech.

Omdøme- og kommunikasjonsproblem
Administererande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB synes at det vert vel mykje svartmaling om dagen.

– Bransjen slit med eit omdøme og kommunikasjonsproblem, hevda CCB-sjefen.

Kjernekompetansen forsvinn
Ingen av innleiarane la skjul på utfordringane dei står ovanfor, og kor alvorlege konsekvensar den snart tre år lange krisa har påført det leiande norske kompetansemiljøet på vedlikehald innan olje- og gass:

-Kjernekompetansen vår forsvinn. Vi har mista 34 prosent av dei tilsette, salet onshore er redusert med 29 prosent og salet offshore er redusert med heile 42 prosent, fortalde direktør Ove Magne Kallestad i TechnipFMC.

Forbetra rutiner og prosedyrer er eit resultat av utviklinga den siste tida. Silje Skarstein i Aker Subsea er svært nøgd med at dei har klart å redusera tida for ein påkravd «pit-stop» for subsea juletre frå 52 til 17 veker.

Oppnår resultat
Kallestad understreka også det positive: I dei åra han har vore i bransjen, har utvinningsgraden i norske felt auka frå 20 prosent til 70 prosent gjennom seks – sju generasjonar teknologi for Increased Oil Recovery (IOR).

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s