Ekstramillionar til fleire lærarar på barnetrinnet

Fjell, Sund, Øygarden og Askøy får til saman nærare 18 millionar kroner ekstra i 2017 for å tilsetja fleire lærarar i 1. – 4. klasse. På Tunnelsyn kan du lesa kva din kommune får.

Å fanga opp elevar som slit på eit tidleg tidspunkt er avgjerande. Fleire lærarar i 1. - 4. klasse
Å fanga opp elevar som slit på eit tidleg tidspunkt er avgjerande. Fleire lærarar i 1. – 4. klasse er eit viktig tiltak for å auka utbytet av skulegongen. (Foto: Colourbox)

Regjeringa ønskjer at norske elevar skal læra meir.

– Tidleg innsats har stor betydning for kva elevane lærer og korleis dei utviklar seg, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Ved å auka løyvinga til tidleg innsats, vil kommunane verta betre i stand til å følgja opp elevane, antek kunnskapsministeren.

Les: -Fjell brukar 50 millionar for mykje på skule

Budsjettforliket
I budsjettforliket for 2017 vart samarbeidspartia Venstre, Krf, FrP og Høgre samde om å styrka løyvinga til fleire lærarar i 1. – 4. klasse med 460 millionar kroner samanlikna med fjoråret.

No har kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og Kunnskapsdepartementet fordelt midlane i samsvar med grunnskulenøkkelen i kommunane sitt inntektssystem.

Mest til Askøy
Best ut i Region Vest kom Askøy, med ei ekstraløyving på 7,84 millionar kroner. Fjell føl like bak, med 6,66 millionar.

Les: Foreldreopprør i Askøy

Les: Fjell: Utfordrande å kutta skulekostnadane til Askøy-nivå

Sund og Øygarden får også ekstramidlar frå Regjeringa for å sikra fleire lærarar i klasseromma. I Sund får dei 1,98 millionar, medan dei i Øygarden må klara seg med
1,33 millionar kroner.

Mellombelse tiltak
No er vi halvvegs i skuleåret. Kunnskapsministeren veit at det kan ta tid å tilsetja lærarar. Han opnar difor for at ein del av pengane kan gå til mellombelse tiltak, som å tilsetja assistentar.

Forska på effekten
Totalt får dei norske kommunane 1,2 milliardar kroner til å styrka lærarstaben for dei aller yngste elevane.

I tillegg kjem 100 millionar som skal nyttast til å forska på effekten av ekstraløyvinga.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s