Fleirtal for bompengesøknaden i Øygarden

Frontane var skarpe, men bompengetilhengjarane vann ein klar siger då kommunestyret i Øygarden i dag drøfta framlegget til bompengesøknad for finansiering av nytt Sotrasamband.
Medan tilhengjarane gleda seg til endeleg å kunna leggja bak seg enno ein milepæl på vegen mot eit nytt brusamband, og gjerne villa betala kva det måtte kosta, hadde mindretalet fleire argument for å stemma mot.

Aud Karin Oen (SV) haldt fast på at eit samband utan eige kollektivfelt og utan skinnegåande transport er lite framtidsretta og lite miljøvenleg. Noko ho la fram eit eige framlegg til vedtak om.

I FrP er det ikkje sambandet som sådann dei er mot, men bompengeandelen. Lokalpartiet i Øygarden meinar, i likhet med kollegaene i Fjell, at eit slikt viktig riksvegsamband bør fullfinansierast av Staten.

Les: 190.000 kroner – din del av bompengane

Avstemminga viste at kommunane sitt felles framlegg til bompengesøknad fekk 20 mot 3 røyster (Frp og SV).

Aud Karin Oen sitt forslag fekk berre ei røyst.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s