Jordfabrikk under kjøkkenbenken

Jordfabrikk under kjøkkenbenken. Er det det som skal til for at Fjellsokningane skal få tilbake interessa for heimekompostering av matavfall?

To slike bøtter og ein pose bokashi-strø er det som trengst for å laga sin eigen jordfabrikk under kjøkkenbenken, ifølgje informasjonsmedarbeidar Monica Falck hos FjellVar.
To slike bøtter og ein pose bokashi-strø er det som trengst for å laga sin eigen jordfabrikk under kjøkkenbenken, ifølgje informasjonsmedarbeidar Monica Falck hos FjellVar.

Ryktet har gått ei tid. No kan du kompostera matavfallet under kjøkkenbenken. Utan lukt! Prosessen går nærast av seg sjølv. Utan tungvidt spaing og vending i ein stor binge utandørs. Dessutan skjer det så hurtig. Berre fem – seks veker tek det før alle slags matavfall er omdanna til næringsrik matjord.

Informerer gjerne
Den nye og etter mange si meining revolusjonerande metoden for heimekompostering vert kalla bokashi, kunne informasjonsmedarbeidar Monica Falck i FjellVar fortelja medlemmane i Sotra Hagelag i går.

FjellVar-medarbeidaren har som del av jobben å informera om kompostering, og er ofte ute hos lag og organisasjonar.

Bokashi-kompostering er likevel ein ny metode for heimekompostering, også for henne. Det kommunale renovasjonsselskapet vurderer no å utvida avtalen om heimekompostering til også å omfatta bokashi, ifølgje Falck.

Tek liten plass
Med bokashi kan du kompostera alle typar matavfall, utan å behøva å sortera. Ein av fordelane er at den tek liten plass, slik at prosessen kan føregå under kjøkkenbenken, til dømes i ei lita blokkleilegheit.

Avfallet legg du i ein spesialbehaldar og strør over ein neve bokashi-strø. Bokashi-strøet inneheld mikroorganismar og set i gang ein gjæringsprosess som fungerer best utan tilgang til luft. I prosessen vert det organiske materialet brote ned, men utan å rotna.

Einkelt og rimeleg alternativ
For dei som vurderer å starta med heimekompostering er bokashi-metoden eit einkelt og rimeleg alternativ til vanleg våtkompostering.

Startpakken inneheld to bøtter. Når den første bøtta er full set du den til side med tett lokk i to veker for å kvila. Deretter er det tid for å blanda det gjæra avfallet med jord, og no skjer omdanninga til jord svært raskt, fortel Falck.

Næringsrik
Den ferdige jorda vil innehalda alle dei proteina, vitamina, minerala og næringsstoffa som var i matavfallet, og er svært næringsrik.

Under fermenteringa dannar det seg sigevæske i botnen av behaldaren. Den kan du tappa ut og nytta som gjødsel direkte på potteplantar og andre grøne vekstar. Men pass på – denne væska luktar – sterkt, åtvarar Falck.

Tilbake på Norgestoppen?
FjellVar har lenge tilbudt Fjellsokningane å kompostera matavfall sjølv, mot ein reduksjon i renovasjonsavgifta.

Tilbodet gjekk rett heim hos Fjellsokningane som for ikkje så veldig mange år sidan konkurrerte om å vera Norgesmeistrar i heimekompostering. Heile 42 prosent av husstandane nytta seg av tilbodet om å omdanna matavfall til jord mot å få avslag i renovasjonsgebyret.

Slik er det ikkje lengder. Siste åra har interessa dalt ganske mykje, medgjev Falck.

Kan hende er mogelegheita for å ha sin eigen jordfabrikk under kjøkkenbenken det som skal til for å gje ny kveik til Fjellsokningane si interesse for det miljøvenlege tiltaket?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s