Førehandslanserte ny anti-mobbelov i Fjell

I morgon legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen lovproposisjonen mot mobbing i skulen fram for Stortinget. I dag presenterte han hovudpunkta i endringane i Opplæringslova for dei vel 400 deltakarane på fagkonferansen ”Saman mot mobbing” i Sotra Arena.

Å fjerna kommunane sin adgang til å klaga i mobbesaker er truleg kunnskapsminsiter Torbjørn Røe Isaksen sitt mest dramatiske grep i arbeidet for å redusera skadeverknadane av mobbing mot einskildpersonar.
Å fjerna kommunane sin adgang til å klaga i mobbesaker er truleg kunnskapsminsiter Torbjørn Røe Isaksen sitt mest dramatiske grep for å redusera skadeverknadane av mobbing av einskildpersonar.

Konferansen ”Saman mot mobbing” er ein del av prosjektet ”Trygg i Fjell”, og inngår kommunen sitt arbeidet med å redusera mobbing i skulane og sikra at ein grip inn tidleg dersom det oppstår uheldige episodar, introduserte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy dagens hovudtalar.

Frå guttestrekar til samfunnsproblem
Erkjenninga av at mobbing eksisterer og at den kan få alvorlege følgjer for resten av livet til dei som verta ramma, har vore ein lang prosess den norske offentlegheita.

– Mobbing skal ikkje skje, det skal nytta å seia frå, og regelverket skal verka, er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen si tilnærming til ei problemstilling som i løpet av siste 50-årsperioden har utvikla seg frå å verta avfeia som ”guttestrekar” til å verta eit tema på statsministernivå. Mobbing har følgt same utviklinga som familievald, frå å vera eit privat anliggjande til å verta eit samfunnsproblem.

– Skal vi lukkast, må vi få alle med. Ikkje berre fagfolka, men også foreldre og elevar, oppfordra kunnskapsministeren.

Sterke historiar
Sidan Røe Isaksen byrja som kunnskapsminister har han fått høyra mange triste historiar og møtt personar som har fått liva sine øydelagt av mobbing.

– Det finst mange sterke historiar, frå sterke menneskjer, som utan tvil er offer, om mobbing som har utspelt seg gjennom mange år. Sjølv om dei nær har fått liva sine øydelagt, har dei likevel styrke nok til å stå fram og fortelja sine historiar, sa Røe Isaksen.

Begrensa suksess
Mobbing vart eit politisk tema på 1950-talet. Antimobbetiltaka har likevel berre hatt begrensa suksess, medgav kunnskapsministeren.

– Det er lett å verta desillusjonert, men det betyr ikkje at det manglar gode historiar med lukkeleg slutt, sa Røe Isaksen.

– Samstundes er det viktig å unngå kynisme. Vi må aldri seia at no har vi jobba så godt at her skjer det ikkje mobbing. Dette må vera eit kontinuerleg arbeid, understreka kunnskapsministeren.

Lova heilskapleg tilnærming
I den nye versjonen av Opplæringslova lova vert det lagt opp til å angripa problemet på ein heilskapleg måte. Røe Isaksen har vidareført arbeidet til den raudgrøne regjeringa og Djupedal-utvalet.

– Mesteparten av mobbinga handlar ikkje om slag på kroppen, men om systematisk utfrysing over tid, hevda Røe Isaksen.

Endringane i lovar og regelverk skjer no parallelt med kompetanseheving innan skuleverket, og støtte og rettleiingstiltak for foreldre og elevar. Tiltak som Regjeringa har sett av 75 millionar kroner til dette året.

– Vi startar med dei lågthengjande fruktene. Vi samlar informasjon frå mange kjelder og gjer dei tilgjengeleg på nett i ei språkdrakt som sjølv 12-åringar skal kunna forstå, lova kunnskapsministeren.

Skjerpar elvane sin rettsikkerhet
– Målet med lovendringa er ei betydeleg skjerping av rettsikkerheten til elevane, ifølgje Røe Isaksen.

Alle saker skal rapporterast, og det er eleven si oppleving som skal rapporterast. Det er eleven og forelda som skal vernast, ikkje kommunane, understreka ministeren.

Fjerna kommunen sin klagerett
Klageordninga har så langt fungert altfor dårleg. Sakene har teke altfor langt tid. For å unngå at kommunane dreg klagesakene ut i tid, er kommunane sin klagerett like godt fjerna i lova.

I staden skal elevar og foreldre kunna klaga rett til fylkesmannen, som er Staten sin kontrollerande instans i kommunane.

– Klageordninga er ein sikkerhetsventil, i tilfelle systemet svikter. Dei skal ikkje behøva gå via skulane, slik som i dag, orienterte Røe Isaksen.

0-visjon for mobbing
– Fylkesmannen skal følgja opp saka heilt til eleven har eit trygt og godt skulemiljø, lova kunnskapsministeren.

Parallelt skjer det også ei styrking av Barneombodet.

– Vi må sjå alt i ein samanhang, elles står vi her om fem år og seier at vi prøvde, men fekk det ikkje til. Vi må ha ambisjonar for alle, på same måte som vi har ein 0-visjon for drepte i trafikken, oppfordra kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Les meir om innhaldet i lovproposisjonen på Regjeringa sine heimesider

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s