Jekkar ned folketalsveksten

Analyseavdelinga i Hordaland fylkeskommune har teke inn over seg utviklinga på den lokale arbeidsmarknaden dei siste åra og nedjustert prognosene for folkeveksten fram mot 2040.

Analyseavdelinga i fylkeskommunen har utarbeida fire alternative utviklingsbanar for folketalsveksten. Rapporten omtalar det sokalla normalalternativet.
Analyseavdelinga i fylkeskommunen har utarbeida fire alternative utviklingsbanar for folketalsveksten. Rapporten omtalar det sokalla normalalternativet.

Straumen av arbeidsinnvandrarar har tørka inn. Berre sentraliseringa frå utkantkommunane vil sørgja for ein viss folkevekst i Bergens-området i åra som kjem, ifølgje den ferske AUD-rapport 1/17.

70.000 færre hordalendingar
Den forventa folkeveksten i Hordaland er jekka ned med heile 70.000 personar samanlikna med for berre eit år sidan.

Normalkurven for forventa vekst i folketalet i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy fram mot 2014 redusert med 7.675 personar samanlikna med for eit år sidan.

Årleg folkevekst på 1,3 prosent
Prognosemakarane ser no for seg at det vil bu 76.158 personar i regionen i 2025 og 92.191 personar i 2040. Dei langt meir optimistiske prognosane som vart lagt fram for berre eitt år sidan tilsa henhaldsvis 78.648 og 99.866 personar.

Ved siste årsskifte såg analyseavdeling for seg at den årlege folkeveksten i snitt vil utgjera 1,3 prosent i Fjell og Sund og 1,5 prosent i Øygarden og Askøy. Berre i løpet av det siste året har prognosemakarane måtta redusera anslaga med 0,5 prosent i Fjell og Sund, 0,3 prosent i Øygarden og 0,1 prosent i Askøy.

Forventa folketal 2040
prognose 2017  (prognose 2016)   endring
Fjell             34.487                    39.287             -4.800
Sund             9.701                    10.706              -1.005
Øygarden     7.018                       7.511                – 493
Askøy         40.985                     42.361             – 1.376

Redusert bustadbehov
Lågare folkevekst vil få konsekvensar også for bustadbehovet. Ein auke i talet på einpersonhushald vil likevel bidra til at utbyggingstakten i Bergensområdet ikkje tørkar heilt inn.

Medan prognosemakarane for eitt år såg for seg behov for 14.660 nye bustadar i region vest innan 2040, er talet i dagens rapport redusert med ein femtedel, til 11.245.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s