Manglar 83 meter bru

Berre ei 83 meter lang bru manglar før bebuarane på Lerøy og Bjelkarøy i Sund kan køyra bil til Hjellestad, ifølgje dei som bur på øyane. Byråd for byutvikling i Bergen, Anna Elisa Tryti, er taus.

Det er brei semje i Sund om at øybuane på Lerøy og Bjelkarøy bør få fastlandssamband til Hjellestad. Denne veka var Stortingsrepresentant Helge Njåstad (Frp) på synfaring.
Det er brei semje i Sund om at øybuane på Lerøy og Bjelkarøy bør få fastlandssamband til Hjellestad. Stortingsrepresentant Helge Njåstad (Frp) var på synfaring denne veka.

Fastlandsamband frå Lerøy og Bjelkarøy til Hjellestad er eit av fire fylkesvegsamband i Hordaland som er aktuelle for ferjeavløysingsmidlar, fortalde stortingsrepresentant Helge Njåstad (FrP) då øybuane Johannes Baug, Kjell Arne Lerøy og Knut Morgan Andersen serverte kaffi på Sundferja torsdag morgon.

Med på ferjereisa var også kommunestyrerepresentantane Svein Otto Jacobsen, May Elin Limevåg og Kenneth Eide frå Sund Frp.

Gammal draum
Draumen om fastlandssamband frå Lerøy og Bjelkarøy til Hjellestad er gammal. Han oppstod på 1950-talet og har seinare gått i arv til born og borneborn, fortalde dei tre øybuane dei tilreisande gjestane.

Flytta heim att
Det er i dag eit 60-tals fastbuande att på øyane. Mange hytter sørgjer imidlertid for å fleirdobla folketalet i sommarhalvåret. Med eit fastlandssamband og ein halvtimes køyreveg til Bergen sentrum vil truleg også mange utflytta ungdommar velgja å flytta heimatt, er Baug, Lerøy og Andersen overtydd om.

600 millionar
Draumen fekk ny glans då Stortinget våren 2015 utvida ordninga med ferjeavløysingsmidlar til også å omfatta fylkesvegnettet. Vert det bygd eit vegsamband til erstatning for eit noverande ferjesamband, kan det utløysa inntil 600 millionar kroner i offentleg støtte.

Les: Ferjeavløysingsmidlar kan gje inntil 600 millionar til fastlandssamband

Pengane vil koma i staden for dei midlane det offentlege i dag nyttar på kjøp av ferje- og snøggbåttransport til dei som bur på øyane, og vil difor verta tildelt utanom Nasjonal Transportplan.

Tryti er taus
Sidan lovendringa vart innført har det likevel skjedd skuffande lite, er øybuane og FrP-representantane i Sund kommunestyre samde om.

– Vi klarar ikkje å få kontakt med byråd for byutvikling i Bergen, Anna Elisa Tryti. Ho svarar ikkje på brev, verken frå oss eller frå Sund kommune, klagar Svein Otto Jacobsen som er leiar for planutvalet i Sund.

Så seint som sist veke sende Sund-ordførar Kari Anne Landro eit purrebrev til byråden for å få fortgang i saka.

Ferdig regulert

Kaffi høyrer med på ei ferjereise. Kjell Arne Lerøy skjenkar statssekretær Kristin Holm Jensen i Kommunal og moderniseringsdeparementet og Stortingsrepresentant Helge Njåstad (FrP).
Kaffi høyrer med på ei ferjereise. Kjell Arne Lerøy skjenkar statssekretær Kristin Holm Jensen i Kommunal og moderniseringsdeparementet og Stortingsrepresentant Helge Njåstad (FrP).

Slik Njåstad oppfattar det, bør Lerøy- og Bjelkarøybuane liggja godt an til å få ferjeavløysingsmidlar i nær framtid.

Vegen over Lerøy og Bjelkarøy retning Hjellestad er ferdig regulert av Sund kommune. Det som står att er å få til ei semje med Bergen kommune om bruløysing over Åleknappsundet frå Bjelkarøy til Hjellestad, og val av vegtrase vidare til Grimseid.

På Bergenssida føretrekkjar øybuane ei lågbru kombinert med ei dagløysing fram til det eksisterande vegnettet.

Denne delen av sambandet er imidlertid ikkje regulert, og det er her Tryti kjem inn i biletet. Kostnadsoverslag nokre år tilbake viser at heile sambandet bør la seg realisera med dei 600 millionane som står til rådvelde, hevdar Baug.

Her bør Bergen sjå mogelegheiten for å nytta noko av steinen som vert til overs under arbeidet med E39, hevdar Kenneth Eide i Sund FrP.

– Sats no!
Saman med statssekretær Kristin Holm Jensen i Kommunal og moderniseringsdepartementet var Njåstad denne veka på synfaring også på fleire andre ferjesamband langs norskekysten. Hensikten med turen var å vurdera korvidt det som i dag er ei generell ordning med ferjeavløysingsmidlar kan verta meir treffsikker.

– Sats no! Det gunstigaste er å koma inn i ordninga med ferjeavløysingsmidlar tidleg, medan ordninga enno er god, råda Njåstad.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s