Helgeturen: Ta vinklubben med til Voss

Er du nyfiken på vinar frå Bordeaux og Burgund, men usikker på korleis du best kan orientera deg i verdas mest prestisjefylte vindistrikt?

Vinkelnar Børge Kvamsdal orienterer gjerne om dei 60.000 flaskene i vinkjellaren.
Vinkelnar Børge Kvamsdal orienterer gjerne om dei 60.000 flaskene i vinkjellaren.

Heldigvis finst det kjekke helgeturar å leggja ut på også om vinteren!

Ein drøy times togreise frå Bergen ligg Park Hotel Vossevangen. Hotellet skjuler ein av dei største og mest interessant vinkjellarane her til lands. Systematiske innkjøp gjennom fleire tiår har resultert i ein samling på kring 60.000 flasker med toppvinar frå legendariske produsentar i Bordeaux, Burgund, Chablis, Champagne, Toscana og Piemonte. Alle dei kjende vindistrikta er representert i den overfylte kjellaren.

Held internasjonalt nivå

Eit lite utval av dei franske vinane.
Eit lite utval av dei franske vinane.

Utvalet er unikt, og prisane svært sympatiske, også samanlikna med det du kan bestella på Vinmonopolet. Men så har dei då også fått skryt av verdas mest anerkjente vintidsskrift, Wine Spectator.

Ei oppleving å dela
Vinoppleving er stikkordet for eit besøk på Park. Start gjerne med ein guida tur i kjellaren for å få inntrykk av innhaldet i skattkammeret.

Berre så det er sagt: Du dreg ikkje til Voss aleine. Park Hotel Vossevangen er ein stad du delar. Helst med vinklubben, eller andre som veit å setja pris på god vin. Skal du klara å utforska ørlite av det som skjuler seg i kjellaren, bør ein helst vera 6 – 8 personar i lag som delar på flaskene.

Samanlikn

La gjerne ein supertoscaner og ein Grand Cru Margaux kjempa om kven som er beste følgjet til lammefileten.
La gjerne ein supertoscaner og ein Grand Cru Margaux kjempa om kven som er beste følgjet til lammefileten.

For dei som veit å dela, vert det ei overkomeleg oppgåve å smaka seg fram til beste vinfølgjet til ein favoritt-rett. Prøv ein supertoscaner og ein Grand cru Margaux til lammefileten, og få to svært forskjellige inntrykk av denne kvalitetsråvara.

Å samanlikna ulike årgangar av same vin frå ein og same produsent kan også vera mogeleg.

Vellagra

1960? Park har årgangen i kjellaren. Portvinen smakar til desserten.
1960? Park har årgangen i kjellaren. Portvinen smakar til desserten.

Volumet i kjellaren tilseier at mykje av vinen er kjøpt ung, med tanke på lagring, kan hende i mange tiår.

Kva seier du til å feira rund dag med vin produsert det året du vart fødd? Det kan vera mogeleg, avhengig av når du er fødd. Eldste vinen for tida er ein 1905 Maderia. Vi naut ein 1960-årgang Krohn Colheitas til skogsbær- og rabarbradesserten.

Sesam-sesam
Berre husk og ring i god tid før du kjem. Ein telefonsamtale på førehand vil fungera som eit sesam-sesam til det store vinkartet. Då vil dei hjelpsame vinkelnarane også kunna guida deg gjennom dei vanskelege vala av rett drikke til rett mat.

Kjem du uanmeldt, kan det vera du må nøya deg med den korte vinlista.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s