Ordføraropprør mot sentraliseringa

Regionrådet for Fjell, Sund og Øygarden håpar å mobilisera samtlege av Bergen sine nabokommunar til opprør mot det dei oppfattar som sterke sentraliseringstendensar i høyringsutkastet til regional areal- og transportplan.

Ordførarane Kari Anne Landro, Børge Haugetun og Marianne Sandahl Bjorøy vil mobilisera mot det dei oppfattar som sentraliseringstendensen i framlegget til regional areal- og transportplan.
Ordførarane Kari Anne Landro, Børge Haugetun og Marianne Sandahl Bjorøy vil mobilisera mot det dei oppfattar som sentraliseringstendensen i framlegget til regional areal- og transportplan.

Den regionale areal- og transportplanen for Hordaland skal sjå sentrale utviklingstrekk som senterstruktur og utbyggingsmønster, kollektivnett, bustadområde, næringsareal og arbeidsplassar, og natur og landbruk i samanhang.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell har vore regionen sin representant inn i styringsgruppa for arbeidet med den regionale areal- og transportplanen. Eit arbeid som no er inne i andre runde, etter at det først mannskapet vart skifta ut i 2015.

Les: Varslar opprør mot fylkeskommunen

Motsegn frå fylkesmannen
Tanken om heilskapleg planlegging er god, men resultatet har blitt ein plan som verken kommunane eller fylkesmannen verkar vera særleg nøgde med.

Fjell-ordføraren oppfatta det slik at fylkesmannen vil levera motsegn dersom planen opnar for vekst også utanfor senterområda.

Les: Fjell treng ein lokal senterplan

Levande kommunar
– Fjell, Osterøy og Radøy vil vera levande kommunar. Vi vil ta heile kommunen i bruk. Vi aksepterer ikkje fylkesmannen sine føringar om at den framtidige utviklinga berre skal skje som fortetting langsmed kollektivaksane, orienterte Bjorøy sine ordførarkolleger frå Sund og Øygarden under dagens møte i Regionråd Vest.

Kolliderer med kommunereforma
Fylkesmannen vektlegg nasjonale retningslinjer som legg opp til å nå måla i Parisavtalen – å redusera CO2-utsleppa med 40 prosent.

– Retningslinjene om 0-vekst i biltrafikken står i direkte motsetnad til intensjonane som vert uttrykt i samband med kommunereforma om å ta heile kommunane i bruk, seier Bjorøy.

Øygarden manglar kollektivakse
– Argumentasjonen vitnar om manglande samfunnsforståing hos fylkesmannen. Dei forstår ikkje kvifor utviklinga skjer her og ikkje inne i sentrum, argumenterte ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

– Det går ingen kollektivakse i Øygarden. Ågotnes er siste kollektivknutepunktet nordover, konstaterer Øygards-ordføraren.

I steinalderen
Han frykta at fylkesmannen freistar innføra ein modell som fungerer bra i Oslo-området der dei har ein godt utbygd infrastruktur, men som vil bomma totalt i Bergen-området som er i steinalderen til dømes når det gjeld ringvegar.

Felles uttale
Regionrådet vil skriva ein felles høyringsuttale til planen der dei understrekar vanskane med å konsentrera framtidig utbygging til kollektivaksar, så lenge det fylkeskommunale kollektivtilbodet er slik som det er. Utkastet skal vera klar til kommunestyremøta i mars.

Ein uttale frå Regionrådet vil vega tyngre enn om kommunane uttalar seg kvar for seg, er ordførarane samde om.

Mobilisering
Samtlege av dei store nabokommunane til Bergen slit med nett same problemet, slik ordførarane oppfattar situasjonen.

Regionråd Vest kontaktar no Lindås, Os, Meland og Askøy for å mobilisera til ein felles uttale mot sentraliseringa kring kollektivaksane.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s