Skal setja fart på havindustrien

Små, nystarta verksemder innan subsea, havbruk, sjømat og shipping har fått ein felles møtestad.

Det står kvinner bak. Sjølv om dei fleste av medlemmane verka vera menn, var det tre kvinner som stod for den offisielle opninga. Hilde Indresøvde (BTO), ordførar Marte Mjøs Persen i Bergen og Tanja Hoel i NCE Seafood.
Det står kvinner bak. Sjølv om dei fleste av medlemmane i Ocean Industry Accelerator verka vera menn, var det tre kvinner som stod for den offisielle opninga. Hilde Indresøvde (BTO), ordførar Marte Mjøs Persen i Bergen og Tanja Hoel i NCE Seafood.

Ocean Industries Accelerator (OIA) er det nynorskklingjande namnet på siste tilskotet til inkubatormiljøet på Marineholmen i Bergen.

Inkubatoren skal setja fart i samarbeidet mellom aktørar og næringar innan havindustri. Havindustri er eit felles namn på offshore olje og gass, havvind, havbruk og gruvedrift på havbotnen.

Crossover
Kompetanseoverføring og crossover-teknologi er viktige stikkord for kva OIA skal driva med, seier Gunnar Buvik i GCE Subsea på Ågotnes. Forutan GCE Subsea og Bergen Teknologioverføring, skal også NCE Maritime Cleantech og NCE Seafood delta i det nye tiltaket.

Den varierte sensorteknologien som medlemmane i subseaklyngen har utvikla, vil kunna bidra til innovasjon og industriell utvikling i tilliggjande næringar, håpar Buvik.

Medlemsskap
I OIA kan små, nyetablerte verksemder søkja om medlemsskap og dela kunnskapen sin med andre i same situasjon. Medlemmane kan nyta godt av 15 kontorplassar og felles møterom. Målet er å skapa eit nettverk som bidreg til å skapa betre produkt, initiera nye prosjekt og til å få nye idear til å blomstra, seier dagleg leiar Hilde Indresøvde i Bergen Teknologioverføring.

Landbasert oppdrett
Utvikling av gode metodar for landbasert oppdrett, er døme på prosjekt som OIA vil freista setja fart i. Dei vil også freista få fram nye artar som er eigna for kommersielt oppdrett, lovar Indresøvde.

Offentleg støtte
Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune støttar tiltaket med til saman kring 600.000 kroner, fortel Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s