Fire scenarier for kommunal digitalisering

Å slå saman dei mange ulike dataløysingane i Fjell, Sund og Øygarden vert ei av dei aller mest krevjande oppgåvene i samband med kommunesamanslåinga. IT-sjef Kjell Fyllingen i Fjell har skissert fire scenarier for kor ambisiøs den felles digitaliseringa kan verta.

IT-sjef Kjell Fyllingen i Fjell legg fram resultatet av IT-kartleggjinga i Fjell, Sund og Øygarden.
IT-sjef Kjell Fyllingen i Fjell legg fram resultatet av IT-kartleggjinga i Fjell, Sund og Øygarden.

Kartlegginga av dei mange ulike dataløysingane i dei tre kommunane var ei av dei aller første oppgåvene den førebuande fellesnemnda tok fatt på. Mandag denne veka presenterte IT-sjef Kjell Fyllingen i Fjell resultatet for politikarane.

Forskjellane avgjer
Datasystema utgjer ryggraden i ein moderne kommune. Sjølv om mykje tilsynelatande er likt, er det likevel forskjellane som vil skapa utfordringar når dei tre kommunar skal foreinast digitalt.

-Dette vert ein av dei viktigaste tinga som må gjerast før kommunesamanslåinga. Om det ikkje er på plas, risikerer vi enorme mengder følgjefeil i systemet, påpeika ordførar Børge Haugetun (TVØ, Øygarden).

Auka fjerndrift
Av dei vel 30 ulike datasystema som er i bruk i dag, finst nær halvparten i alle dei tre kommunane. For 15 av systema er levert av to ulike leverandørar. Og tre system har tre forskjellige leverandørar.

Heile 13 av systema er så store og komplekse at dei må driftast av eksterne leverandørar. Fyllingen forventar at den eksterne drifta vil auka.

Står fritt
Dei fleste av dagens leverandøravtalar går ut innan 2020. Den nye kommunen vil dermed stå fritt til å inngå nye avtalar, grunnlagt på heilt nye brukarkrav, framheva Fyllingen.

4 scenarier

Fire scenarier for innføring av digitale tenester som kan effektivisera tenestene i "Nye Øygarden".
Fire scenarier for innføring av digitale tenester som kan effektivisera tenestene i «Nye Øygarden».

IT-sjefen presenterte fire ulike scenarier for kor ambisiøs ei slik satsing kan verta. Det mest radikale scenariet, ”Big Bang”, legg opp til innføring av ei mengde nye digitale tenester med høgare grad av automatisering samanlikna med dagens situasjon.

Noko som vil innebera nye krav til kompetanse og innsats av store økonomiske ressursar over kort tid. IT-sjefen legg ikkje skjul på at ein slik prosess vil vera svært krevjande.

Lågalternativet vil innebera integrasjon og vidareføring av dagens løysingar, men utan større endringar i den kommunale drifta.

Digitalt fyrtårn?
Intensjonsavtalen tilseier at ”Nye Øygarden” skal verta eit teknologisk fyrtårn. Politikarane må ta stilling til om det også omfattar datateknologi.

Les: Eit digitalt fyrtårn i vest?

Framtidsseminar
Det store spørsmålet som den førebuande fellesnemnda må ta stilling til vert kor ein skal leggja lista. Grip ein denne unike sjansen til å tenkja tenkja heilt nytt, eller skal ein nøya seg med å vidareføra dagens løysingar?

Temaet vil truleg stå høgt på dagsorden i framtidseminaret som skal arrangerast 15. mai.

Start på nytt!
Fyllingen tilrår den førebuande fellesnemnda å velja «Big Bang». Han viser til at kommunalråd Robert Rastad i Bergen på siste møtet før jul gav uttrykk for misunning ovanfor kommunar som har anledning til å starta på nytt, framfor å slita med å lappa på gamle datasystem.

Effektivisering av kommunal sektor
Rastad inviterte omeignkommunane til Bergen til å delta i ei felles satsing på å utvikla heilt nye digitale tenester som kan bidra til å effektivisera kommunal sektor.

Heildigitalisering av den kommunale sakshandsaminga, frå utfylling av skjema, og innsending av søknad, til automatisering av sakshandsaminga, og utsending av vedtak via epost vert etterspurt på stadig fleire område, ifølgje Rastad.

Les: Bergen på digital friarferd

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A, Fjell) ville gjerne vita meir om planane for det digitale samarbeidet. Ho understreka likevel at kostnadane også vert viktig.

Kollega Børge Haugetun i Øygarden (TVØ) er meir open for å takka ja til invitasjonen frå Bergen:
– Bergen har vist at det går an å tenkja i felleskap. Når sjølv ikkje dei er store nok til å gjera slike oppgåver aleine, er vi heldige som har anledning til å kopla oss på.

Store kostnadar
Kostnadane med ”Big Bang” vil vera omfattande. Kor store, er det uråd å antyda noko om før politikarane har sagt noko om ambisjonsnivået for effektiviseringa av den kommunale drifta.

Fjell, Sund og Øygarden nyttar i dag til saman 54 millionar kroner i drift og investeringar innan IT.

Ernst Morten Einarsen (H, Fjell) ville vita kva tankar IT-sjefen har gjort seg om kostnadane med «Big Bang». Han fryktar at vi står i fare for å nytta det ekstra tilskotet frå Kommunaldepartementet i samband med kommunesamanslåinga fleire gongar.

20 millionar
Sandefjord kommune, som slo seg saman med Stokke og Andebu ved siste årsskifte, vert framheva som eit døme. Her valte dei å innføra ei mellomløysing, samanlikna med det ambisjonsnivået Rastad skisserte.

Nye Sandefjord valte å nytta halvparten av dei 40 millionane dei fekk i støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet i samband med samanslåinga til å gjennomføra integreringa av dataløysingane.

Les: – Vi risikerer å verta historielause

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s