Fylkesordføraren på CCB: – Ei nyttig realitetsorientering

Møtet med ein kriseramma offshorebase på CCB gjorde inntrykk på representantane i fylkesutvalet i Hordaland.

Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø ser utfordringane som SMB-verksemder som Karlsen og Sønn står ovanfor i dagens marknad.
Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (tv) ser utfordringane som Frank Karlsen i Karlsen og Sønn og andre SMB-verksemder i verkstad- og vedlikehaldsindustrien står ovanfor i dagens marknad.

– Ei nyttig realitetsorientering, oppsummerte fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (KrF) og fylkesdirektør for næringsutvikling Bård Sandal orienteringane frå det lokale næringslivet etter seks timar på ein av dei største offshorebasane i landet.

Dagen starta med to timars omvisning på offshorebasen og orienteringar frå ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden om situasjonen på arbeidsmarknaden.

SMB-utfordringar
Utfordringane som møter SMB-verksemdene i regionen avslutta dagen.

Solid Vedlikehold driv med overflatebehandling av metall, og har fått halvert omsetnaden sin på to år. Eit negativt resultat på 16 millionar i 2015 vart opplevd som ganske heftigt for familieverksemda, fortalde dagleg leiar Anved Aarbakke.

Som eit resultat har familien vore nøydd til å auka eigenkapitalen i verksemda.

Kutt og reforhandlingar
For å få redusert høge, faste kostnadar har dei kutta 60 prosent i administrasjonen, halvert talet på operatørar, og skore ned på lønna til samtlege av dei attverande tilsette. Alle innkjøpsavtalane er reforhandla.

Verksemda hadde 80 prosent av omsetnaden sin frå olje og gass. No konsentrerer dei seg om å vinna og gjennomføra prosjekt innan vedlikehald av bruer og kraftverk. Bransjar der det for tida er høg aktivitet.

Optimismen er tilbake
– Vi har større fokus på marginar enn tidlegare. Vi jobbar også med å få til ei haldningsendring hos dei tilsette, sa Aarbakke.

Omstillingstiltaka ser ut til å ha lukkast. Budsjettet for 2017 er auka med 50 prosent samanlikna med fjoråret, til 224 millionar kroner, sa ein optimistisk Aarbakke.

Auk kompetansen
Men krisa er ikkje over. Høg andel av utanlandske selskap i bransjen får Aarbakke til å oppfordra politikarane om å handheva kompetansekrav i innkjøpssituasjonar strengare.

– Hald fast på kravet om bruk av lærlingar, oppfordra Aarbakke.

Les: Opnar for fritak for krav om lærlingar

Den daglege leiaren i Solid Vedlikehald oppfordra også politikarane om å gje permitterte adgang til å delta på bedriftsinterne kurs og anna relevant opplæring.

Felles marknadsføring
Frank Karlsen i Karlsen og Sønn AS representerte i dag dei 30 medlemmane i Vest Næringsråd si verkstadgruppe.

– Vi har vore under kontinuerleg omstilling sidan vi starta, hevda han.

Målsetjinga er å vera føretrekt leverandør i eigen region. For å lukkast i dagens situasjon, har 12 av SMB-verksemdene i verkstadgruppa gått saman om felles marknadsføring.

– Tiltaket føreset at deltakarane har vilje og evne til samarbeid, understreka Karlsen.

Større oppdrag
SIG – Sotra Industry Group – skal auka marknaden utanom olje og gass. Dei skal også utvida det geografiske nedslagsfeltet.

Samarbeidet gjer det mogeleg å konkurrera om større oppdrag, til dømes innan jernbane og vegvesen.

– Vi har sinnsjuke kostnadar samanlikna med utanlandske konkurrentar. Vi seinka timeprisen til 450 kroner, mot 700 til vanleg. Då fekk vi høyra at vi var dobbelt så dyre som konkurrentane, sukkar han.

55 millionar til næringsutvikling
Hordaland fylkeskommune har ansvar for handteringa av Regjeringa sine ekstraordinære omstillingsmidlar til den kriseramma offshoreindustrien på sør- og vestlandet. Disponeringa av dei 55 millionane som fylkeskommunen brukar i støtte til næringsutvikling stod også på dagsorden.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s