Askøy dreg frå i folketal

Folketalet i Askøy auka med 1,6 prosent i fjor. Kommunen med lågast arbeidsløyse og færrast bustadar til sals har klart å oppretthalda folkeveksten i vesentleg sterkare grad enn dei tre andre kommunane i region vest.

Kommunane i region vest har framleis dobbelt så høg vekst i folketalet som Hordalandskommunane sett under eitt.
Kommunane i region vest har framleis dobbelt så høg vekst i folketalet som Hordalandskommunane sett under eitt.

SSB sin årlege oversikt over veksten i folketalet i norske kommunar vert imøtesett med forventing. I dag vart spaninga utløyst.

I 2015 hadde Norge den svakaste folkeveksten sidan 2006. Ikkje uventa viser fasiten at folketalsveksten i vekstkommunane vest for Bergen vart enno meir svekka i 2016.

Dobbelt så sterk som i Hordaland
For kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy sett under eitt, auka folketalet med 919 personar, eller 1,4 prosent. Ei mager trøyst vert det då at folketalet i Hordaland auka med beskjedne 0,7 prosent, slik at veksten her framleis er vesentleg sterkare enn i fylket generelt.

Skil seg ut
Askøy skil seg ut på mange måtar samanlikna med nabokommunane. Kommunen har færrast registrerte arbeidslause og færrast bustadar til sals.

Ved årsskiftet var det 28.821 personar busette i Askøy. I løpet av fjoråret kom det til 441 nye asketappar, noko som inneber ein auke i folketalet på 1,6 prosent. Samanlikna med 2015, var det likevel 81 færre som busette seg i kommunen i fjor.

Størst nedgang
Største nedgangen har skjedd i Sund. 83 nye innbyggjarar i fjor er heile 140 færre enn i 2015, og antydar at den veldige veksten i 2015 var tilfeldig. Folkeveksten i Sund i fjor var 1,2 prosent. Det er no 7.058 personar busette i kommunen.

Kraftig nedgang har det også vore i Øygarden. 61 nye Øygardsstrilar i fjor er 58 færre enn i 2015. Kommunen kan likevel visa til ein folkevekst på 1,3 prosent.

4.913 personar budde i Øygarden ved årsskiftet.

Flatar ut
Nærleiken til Bergen er Fjell sitt sterkaste kort i eit tid med rekordhøg arbeidsløyse i den lokale offshorenæringa. Overflod av nye leilegheiter til sals klarte likevel ikkje å hindra at straumen av nye innbyggjarar tørka inn med ein tredel. 334 nye fjellsokningar innebar ein vekst i folketalet på 1,3 prosent. Totalt bur det no 25.204 personar i kommunen.

Seier ingenting om årsaka
Dagens statistikk antydar ingenting om årsaka til utviklinga i folketalet. Statistikken inneheld ikkje informasjon om fødselsoverskot og innflytting/utflytting i dei einskilde kommunane.

Folkevekst 2015 – 2016
31.12.15 31.12.16 % endring endring
Fjell 24870 25204 1,3 334
Sund 6975 7058 1,2 83
Øygarden 4852 4913 1,3 61
Askøy 28380 28821 1,6 441
Totalt 65077 65996 1,41 919
Hordland 516497 519963 0,7

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s