Avviste sørvisavtalen

Plan og bygningslova skal vera ei ja-lov. Den haldninga fann ikke Knut-Thore Algrøy (KrF) mykje att av i framlegget til sørviserklæring for Plan og byggjesaksavdelinga i Fjell.

Knut-Thore Algrøy frykta at innbyggjarane ville kjenne på klumpen i magen når dei las plan- og bygningssjefen sitt framlegg til sørvisavtale.
Knut-Thore Algrøy frykta at innbyggjarane ville kjenne på klumpen i magen når dei las plan- og bygningssjefen sitt framlegg til sørvisavtale. (Foto: Haraldsplass Diakonale Stiftelse).

Kommunestyret i Fjell utsette i siste møtet behandlinga av plan og bygningssjef Berit Rystad sitt framlegg til sørvisavtale for plan- og byggjesaksavdelinga. I dag kom saka opp att, med om lag likelydande tekst.

Les: Diskuterte makkverk i kommunestyret

Klump i magen
KrF-representanten Knut Tore Algrøy meinte å oppfatta at intensjonen bak forslaget om ein sørvisavtale for Plan og byggjesaksavdelinga i Fjell var god. Han var likevel sterkt i tvil om dokumentet vil føra til betre kundebehandling, eller gjera det einklare for dei som skal bruka tenesta.

– Eg trur en del innbyggjarar vil kjenna klumpen i magen når dei les krava til Plan og byggesaksavdelinga i denne teksten, hevda Algrøy.

Les: Sjekkliste for garasjebyggjarar

Krav til oppførsel
– Når eg les dette, oppfattar eg det som ei oppskrift på korleis du må oppføra deg for å koma i posisjon for å verta brukar av tenesta. Eg spør meg sjølv om eg som innbyggjar er velkomen til å ta kontakt, sa Algrøy.

Les: Verdilaus sørvisavtale

Heller invitasjon
Han føreslo at Fjell i staden utarbeidar ein kortfatta sørvisplakat med ein inviterande tekst.

Henning Ekerhovd (A), leiar for Komite for plan og utvikling, var innstilt på å kutta opptil fleire av punkta i framlegget. Han fekk likevel ikkje kommunestyret med seg på nokon diskusjon om sjølve innhaldet i avtalen.

Ville ikkje ha diskusjon
Anita Garlid Johannessen var ikkje førebudd på nokon diskusjon om innhaldet. I staden forslo ho å senda framlegget tilbake til KPU med oppfordring om å utarbeida ein sørvisplakat noko ála det Algrøy foreslo.

Innhaldet i sørvisavtalen var ikkje noko anna enn ein kunne forventa, meinte Svein Bergh (SL). Han håpa Algrøy går vidare med framlegget sitt. I så fall kunne Sotra Lista hengja seg på.

Flau Indrevik
– Sørvisavtalen vert ikkje betre enn vi sjølv gjer han, medgav varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Sjølv om Indrevik gav uttrykk for at prosessen har vore noko underleg, og at det heile var litt flaut, hadde han ikkje noko mot at framlegget vert sendt i retur til KPU. Samstundes oppfordra han kommunestyrerepresentantane til å nytta høvet til å koma med innspel i god tid før behandlinga i komiteen.

Tilbakesendinga til KPU vart samrøystes vedteken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s