Dagens sleivspark: Eit passande namn

Etter at annonsene for rådyre blokkleilighetar i det sentrale Straumeområdet lenge har brukt ein retorikk som formeleg skrik over seg om assosiasjonar til sjø, utsikt, grøne parkar og frodige hagar

Treffande metaforisk retorikk for byen som stangar seg fram gjennom det gamle kulturlandskapt.
Treffande metaforisk retorikk for byen som stangar seg fram gjennom kulturlandskapet.

– i dei fleste tilfelle utan å ha særleg grunnlag å hevda verken det eine eller det andre, har nykomlingen ByBo valt ein språkbruk som grip – om ikkje tyren – så i alle fall geitebukkjen i hodna.

Sydhavsøy

Sydhavsøya Straume Sør. Ein verkeleg nyhet, også for oss som bur her!
Sydhavsøya Straume Sør, slik feltet lenge vart marknadsført på heimesida til utbyggjaren ByBo AS. Ein verkeleg nyhet, også for oss som bur her!

Lenge eksisterte blokkfeltet på Søre Straume berre som ei eksotisk sydhavsøy på utbyggjaren sine heimesider. Ettersom det no nærmar seg salstart, har ByBo tydelegevis funne det naudsynt å sminka sydhavseventyret med eit snev av realisme.

Resultatet vart Bukkeleitet, med bukk 1, 2 og 3. Eit passande namn ettersom utbyggjar har stanga til side naboprotestane og delegert nabopraten til gravemaskinene.

Les: Ny Ankerhagen-konflikt på Straume

Det er sjeldan utbyggjarar veit å bruka slik treffande metaforisk retorikk for byen som stangar seg fram over matjorda, gjennom det gamle kulturlandskapet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s