Kva har desse tre til felles?

Internasjonale media rasar over Donald Trump som har gått til det oppsiktsvekkjande steget å utestengja journalistar frå New York Times og CNN frå ei pressebriefing i Det Kvite Hus.

Marianne Sandahl Bjorøy (A) og Tom Georg Indrevik (H) verkar å ha eindel til felles med den amerikanske presidenten.
Marianne Sandahl Bjorøy (A) og Tom Georg Indrevik (H) verkar å ha eindel til felles med den amerikanske presidenten.

Den amerikanske presidenten likar visstnok ikkje journalistar, og har eit særleg anstrengt tilhøve til journalistar som stiller kritiske spørsmål.

Å kontrollera media er alle makthavarar sin våte draum. For å vera sikker på positiv medieomtale vel Trump å ty til det oppsiktsvekkjande tiltaket å stengja ute journalistar frå media som kan tenkjast å ikkje opptre som mikrofonstativ til fordel for dei som gjer det.

Les: Problematisk mediesentralisering

Den amerikanske presidenten er meir lik oss enn vi anar, hevdar den norske retorikkeksperten Jens E. Kjeldsen i Bergens Tidende.

Hanteringa deira av innleiinga av Stortingsvalkampen lokalt, har bekrefta at fjellsokningane sine lokale toppolitikarar Marianne Sandahl Bjorøy og Tom Georg Indrevik har meir til felles med den amerikanske presidenten enn dei truleg ønskjer å vedkjenna seg.

Stortingsvalkampen er innleia lokalt med besøk av mellom anna kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre og partileiar Jonas Gard Støre og Trond Giske frå Arbeidarpartiet.

Lokale Schibstedmedia har hatt einerett på mediedekninga. Gründermediet Tunnelsyn.no vart ikkje invitert.

Problemstillinga er ikkje ny, og har vore teken opp tidlegare.

Les: Ap diskriminerer lokale gründerverksemder

Nettavisa Tunnelsyn er ikkje CNN eller New York Times. Langt der i frå. Tunnelsyn er eit nystarta gründermedia med Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som dekningsområde. Kommunar som for tida går høgt ut på banen på leit etter gründarar. Etter at Tunnelsyn i nær to år har dekka dei fleste møter i kommunestyre, formannskap og ulike komitear, har våre lokale politikarar, hatt rikeleg tid til å oppdaga at Schibsted ikkje lenger er einaste lokale mediet.

Nettavisa Tunnelsyn.no har som mål å gje ein meir nyansert dekning av samfunnsutviklinga i kommunane her vest for Bergen. Vi er ikkje alltid samd med dei som sit med makta på rådhuset, og kvir oss ikkje for å stilla spørsmål dei helst ikkje svarar på. Det er ikkje alltid like populært.

Sotrastrilen fortenar breiast mogeleg dekning av det som skjer. Ikkje berre sett frå ståstaden til posisjonsvenlege media som dei med makt i rådhusa i regionen helst ønskjer å snakka med.

Tunnelsyn får stadig fleire lesarar. Ved å ta ein Trump, og ”gløyma” å invitera nettavisa til sentrale politiske hendingar, viser ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) og varordførar Tom Georg Indrevik (H) at Tunnelsyn har meir makt enn eg som redaktør hadde førestelt meg.

4 Comments

  1. Kjære redaktør. Hvorfor dere ikke er invitert er jo at dere med flere ikke er kjøpt og betalt.(les mottar pressestøtte). Pressestøtten ble opprettet for over 100 år, og senere blitt endret til en «sensurert» presse og ikke som ment, en opplysende presse.
    Må si jeg er imponert over denne nettavisen.
    Stå på
    Ø.H

    Likar

    1. Takk for oppmuntrande ord!
      Tunnelsyn.no treng alle dei lesarane vi kan få. Som eit kommersielt føretak overlever vi diverre ikkje av luft aleine. Skal vi kunna fortsetja å tilby lesarane våre andre perspektiv på samfunnsutviklinga kring oss, er vi avhengig av inntekter. Erfaringane vi så langt har gjort med å koma i posisjon ovanfor annonsemarknaden antydar at pressestøtte kan koma godt med. Er overbevist om at det, med ei medviten haldning, kan la seg gjera utan å gå på akkord med innhaldet. Håpar du framleis vil lesa oss!

      Likar

  2. Uten å kommentere selve saken må jeg si at navnet dere har valgt på nettavisen er veldig intetsigende.
    «tunnellsyn» forbinder vel få ,eller ingen med en lokalavis for Sotra/Askøy.
    De fleste vil nok tenke på en form for øyesykdom ell.lign.
    Dere har sikkert mange,mange gode grunner til å velge akkurat det navnet,men det er nok ikke så mange som aktivt søker opp en nettavis
    med det navnet når de leter etter lokalnyheter.
    Regner med at navnet er den den største bøygen,og grunnen til at dere ikke blir tatt seriøst……og at få eller ingen har hørt om dere.

    Likar

    1. Korleis kom du over Tunnelsyn.no? Utan at du seier noko om kvar du held til, må eg få lov til å svara at dei skal ha sove lenge og godt i timen dei som er engasjert i poltikk og næringsliv i desse kommunane og som ikkje har høyrt om oss.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s