– Såpass må ein tola i politikken

Det er sjeldan Anita Garlid Johannessen (Frp) har opplevd dei politiske motsetnadane i Fjell som like sterke som i diskusjonen om bompengar på det nye Sotrasambandet.

Berre innføringa av eigedomsskatt og hastekjøpet av Indremisjonen sitt administrasjonbygg til rus- og psykiatripasientar har vakt like hard politisk motstand som vedtaket om bompengefinansiering av nytt Sotrasamband, ifølgje Anita Garlid Johannessen i Fjell FrP.
Berre innføringa av eigedomsskatt og hastekjøpet av Indremisjonen sitt administrasjonbygg til rus- og psykiatripasientar, har vakt like harde politiske motsetnadar som vedtaket om bompengefinansiering av nytt Sotrasamband, ifølgje Anita Garlid Johannessen i Fjell FrP.

Det nye Sotrasambandet skal finansierast av bilistane. 7 milliardar kroner, av byggjekostnadane på 9,6 milliardar, skal finansierast av bompengar, innbetalt over 20 år.

Les: Vi må betala bompengar i 20 år

Kompromisslaus
Dei som følgde med i kommunestyredebatten i Fjell sist veke om bompengefinansiering av det nye firefelts brusambandet, kunna ikkje unngå å leggja merke til Anita Garlid Johannessen sitt kompromisslause nei til bompengefinansiering, til trass for harde angrep frå både Høgre og Arbeidarpartiet.

Såpass må ein tola
– Eg lar meg ikkje pressa. Gruppa hadde snakka om dette på førehand, og vi var samde om å vera prinsippfaste. Vi såg ikkje noko anna alternativ, seier Garlid Johannessen over ein kaffikopp når ho møter Tunnelsyn heime på kjøkkenet på Trengereid.

Ho vel å tru at motstanden var berre politikk, men slikt er ho vant til.

– Såpass må ein tola i politikken, forsikrar ho.

Sjeldan sterk motstand
Berre då bølgjene gjekk høge om innføring av eigedomsskatt, og om hastekjøpet av Indremisjonen sitt administrasjonsbygg til rus- og psykiatribrukarar, har den erfarne kommunestyre- og fylkestingspolitikaren opplevd politiske saker som har vore like tøffe å stå i.

– Eg trur dei var irriterte for at vi ikkje ville stemma subsidiært for fleirtalsframlegget, men då ville vi jo ha stemt for bompengar. Slik ville det også ha blitt presentert i media – som eit samrøystes vedtak. Noko det slett ikkje var, utdjupar Garlid Johannessen.

Programfesta nei
Dei lokale gruppene til regjeringspartiet FrP i Fjell, Sund og Øygarden stemte alle nei til Statens vegvesen sitt forslag til bompengefinansiering.

Les: Fleirtal for bompengesøknaden i Øygarden

– FrP har gått til val på nei til bompengefinansiering. Å stemma for noko anna ville vera å svikta veljarane våre, forklarar leiaren for FrP si fire person sterke gruppe i Fjell.

Snur ikkje etter vinden
Trass i at dei tre kommunane har vedteke å slå seg saman, var lokalpartia si stemmegjeving i dei tre kommunane ikkje avtalt på førehand, forsikrar Johannessen. Stemmegjevinga var forankra i partiprogrammet, men ikkje med partileiinga:

– Eg trur dette var verre for dei (finansminister Siv Jensen og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, red. mrk.) enn for oss, smiler FrP si førstedame i Fjell.

Ikkje på noko tidspunkt var Anita Garlid Johannessen freista til å bøya av for presset, forsikrar ho:

– Vi har teke eit standpunkt. Då står vi på det. Vi kan ikkje snu, berre fordi om dei andre meinar noko anna:

Risikerer havari
Ho seier det ikkje beint ut, men verst svei nok skuldingane om at dersom FrP sitt lokallag i Fjell sa nei, ville det svekka bompengesøknaden ovanfor partiet sine representantar i Regjeringa.

– Vi risikerer at heile prosjektet havarerer, om FrP lokalt seier nei, vart Garlid Johannessen åtvara om frå talarstolen i kommunestyret av varaordførar Tom Georg Indrevik (H):

– Det er slett ikkje alle som har råd til slike kostnadar som bompengane vil innebera. Vi kan ikkje flå folk, protesterer Anita Garlid Johannessen.

Les: 190.000 kroner – din andel av bompengane

Det finst alternativ
Om Sotrasambandet vert utsett, eller det ikkje vert noko av, er ikkje det nokon katastrofe, skal vi tru FrP-representanten:

– Om det ikkje vert noko av det nye Sotrasambandet, må vi i staden satsa mykje meir på bussar og innfartsparkering. Vi må få mykje sterkare fokus på å få folk over på buss, seier ho.

Manglande vedlikehald
– Så langt tilbake eg kan huska. I alle fall heilt sidan 2008, har det vore snakk om bompengefinansiering av eit nytt samband. Det er lett å gløyma at dårleg vedlikehald gjennom mange år er årsaka til at vi må ha ny bru. To år seier Statens vegvesen at dei må stengja brua fullstendig fot å ta att det forsømte vedlikehaldet, minnar Garlid Johannessen om.

Les: Bompengesjokk eller luksusfelle?

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s