Vil selja merdmeldingar til oppdrettsnæringa

Daglege informasjonsoppdateringar om miljøet i merdene, saman med informasjon om meteorologiske varsel for nærområdet. Dette er Andreas Morland i SeaSmart AS sitt tilbod til oppdrettsnæringa.

Andreas Morland med prototypen på dronen som samlar inn informasjon om oksygeninnhald, temperatur, lys, salinitet og fisketettleik i oppdrettsmerdene.
Andreas Morland med prototypen på dronen som samlar inn informasjon om kritiske triveselfaktorar som oksygeninnhald, temperatur, lys, salinitet og fisketettleik i oppdrettsmerdene.

– Havbruksnæringa har erkjent at dei eigentleg veit svært lite om korleis fisken har det i merdene, om han er stressa. Røktarane må treffa avgjerder på grunnlag av nokre få, manuelle målingar, seier gründer Andreas Morland i SeaSmart AS.

– Bransjen etterlyser informasjon som gjer dei betre i stand til å planleggja hendingar som avlusing og slakting, men også foring, seier Morland.

Les: Havbruk utfordrar subsea

Store miljøskilnadar
Gründeren med bakgrunn som geofysikar og elektronikkingeniør er ein av dei som har teke utfordringa frå oppdrettsnæringa på alvor. Ideen har så langt sikra han nær ein million kroner i støtte frå Innovasjon Norge. Kontorplassen leiger han hos nystarta Ocean Industry Accelerator (OiA) i Nyskapingsparken.

Les: Skal setja fart på havindustrien

Prinsippskisse
Prinsippskisse

Dei store miljøskilnadane frå topp til botn i merda er mykje av årsaka til uvissa. Ei merd er gjerne 30 – 35 meter djup. Miljøet på 2 meters djup kan vera svært ulikt det på 10 meter og det på 25 meter.

Drone
For å løysa utfordringa har SeaSmart utvikla ein drone spekka med sensorar for automatisk måling av faktorar som er kritiske for fiskevelferden. Ved å planleggja ut frå denne informasjonen vil havbruksselskapa kunna auka innteninga, er Morland overtydd om.

Når den batteristyrte dronen vert sluppe ut i merda, vil han ta inn vatn og synka til botnen. Vatnet vil deretter gradvis verta pumpa ut, slik at dronen stig sakte opp mot overflata. På vegen opp vil sensorane kontinuerleg måla oksygeninnhald, temperatur, salinitet, lys og fisketettleik på ulike djup. Informasjon som vert overført via næraste trådlause internettsamband straks dronen når overflata. Dronen gjentek strekninga frå topp til botn kvar time.

Prototypen er testa, og barnesjukdomane er historie. Det tok meir tid enn gründaren hadde planlagt for, men no, endeleg, er ein meir robust versjon klar til kommersialisering, lovar Morland.

Abonnera på informasjon
SeaSmart set dei store datamengdene frå sensorane saman til daglege og vekentlege oversikter som vert visualisert på dataskjermane ute hos oppdrettsverksemdene.

Slik kan oppdrettsverksemda sjekka alle kritiske trivselsfaktorar i eitt og samme skjermbilete.
Slik kan oppdrettsverksemda sjekka alle kritiske trivselsfaktorar i eitt og samme skjermbilete.

Oppdrettsnæringa kan abonnera på informasjonsrapportar. Dei vil kunna tinga forskjellige oversikter, avhengig av kva rolle dei har. Ein røktar vil ha behov for ein annan type informasjon enn ein som sit på hovudkontoret eller ein som vurderer om det er behov for avlusing, utdjupar Morland.

Forretningsmodell
Konkurrenten sel sensorbøyer – til ein ganske annan pris. SeaSmart har valt ein annan forretningsmodell. Havbruksverksemder som vel å abonnera på SeaSmart sine rapporter, slepp bekymra seg om vedlikehaldet av dronen, skifte av batteripakke og slike detaljar. Alt slikt tek SeaSmart seg av, lovar Morland.

Mærmeldingen.no
Som ein ekstra sørvis har Morland etablert internettenesta mærmeldingen.no, med meteorologiske data som ver, vindretning og straumtilhøve. Med tida er tanken å integrera mærmeldingen.no med den sensorbaserte informasjonen til ei enno meir komplett informasjonsteneste skreddarsydd for det einskilde oppdrettsanlegget, fortel Morland.

Ein einkel versjon av mærmeldingen.no finst alt i dag, som eit gratistilbod. Opprett ein brukar og logg inn.
Ein einkel versjon av mærmeldingen.no finst alt i dag, som eit gratistilbod. Opprett ein brukar og logg inn.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s