Marin verneplan for Krossfjorden ute på høyring

Tre fjerdedelar av kystlinja og sjøområda i fiskeri og havbrukskommunen Sund skal inngå i eit nytt marint verneområde, føreslår fylkesmannen i Hordaland i utkastet som no er ute på høyring.

Fiskeri og havbruk vil i liten grad verta berørt av forslaget til marin verneplan for Krossfjorden.
Fiskeri og havbruk vil i liten grad verta berørt av forslaget til marin verneplan for Krossfjorden.

Krossfjorden er eitt av tre sjøområde i Hordland som fylkesmannen føreslår verna. Det verneverdige området utgjer 216 kvadratkilometer, og strekkjer seg frå Telavåg i nordvest, sør til Austevoll, og inn Krossfjorden til Lerøy i nord. Største djupet er på 700 meter.

Sund mest berørt
Av dei fire kommunane innanfor plangrensa, er fiskeri- og havbrukskommunen Sund den som vert mest berørt. Kring tre fjerdedelar av kystlinja og sjøområda i kommunen inngår i planen, ifølgje i utkastet til verneplan som no er ute på høyring.

Kart over det føreslegne marine verneområdet. Klikk på kartet for å få stort bilete.
Kart over det føreslegne marine verneområdet. Klikk på kartet for å få stort bilete.

På vestsida av kommunen vert det føreslega at verneområdet skal starta heilt inne på marbakken, altså på to meters djup. På sør- og austsida skal verneområdet starta på 100 meters djup.

Ingen område på land, heller ikkje øyar, vert omfatta. Tett utbygde område, som Porsvika, vert heller ikkje omfatta av forslaget.

Havbruk
– Omfanget kan kanskje høyrast voldsomt ut, men vi har teke omsyn til sentrale føringar om at havbruksinteressene skal kunna ekspandera, seier rådgjevar Stein Byrkjeland hos fylkesmannen i Hordaland til Tunnelsyn.no.

Den marine verneplanen legg ikkje opp til å gjera endringa i dei områda som er sett av til noverande og framtidige område for havbruksnæringa i kommunen sin arealplan.

– Havbruksinteressene vil i framtida få eit ekstra lovverk å forhalda seg til, med behov for å senda ein fjerde søknad om dispensasjon, seier Byrkjeland.

Fiskeri
Fiskeria vil også kunne halda fram om lag som no. Både fritidsfiske og kommersielt fiske med trål vil vera tillate. Unntaket er fiske med botntrål, som det vert føreslege å forby av omsyn til flora og fauna på sjøbotn.

Rekefiske vil i avgrensa grad kunna skje i to område, det eine vest av Golta.

Representative, særeigne, sårbare og truga
Det uvanleg store mangfaldet av marine artar i Krossfjorden er noko av bakgrunnen for fylkesmannen si verneinteresse. Av dei 6.000 artane som lever på havbotnen i Hordaland, er fleirtalet påvist i Krossfjorden, ifølgje fylkesmannen.

– Representative, særeigne, sårbare og truga naturverdiar i kyst- og havområde skal sikrast, skriv fylkesmannen i høyringsframlegget.

Korallar, svamp og tareskog
Korallar, svamp, særprega kalkalgar og store areal med urørt tareskog utgjer ein del av det breia mangfaldet av naturtypar, flora og fauna på og ved botnen i Krossfjorden som fylkesmannen finn verneverdig.

Fjorden er djup, og det er på djupet at mesteparten av det interessante dyrelivet finst.

Nærleiken til forskingsstasjonen på Espegrend har bidrege til at Krossfjorden er ein av dei mest undersøkte sjøområda i landet. Dei store innsamla kunnskapsmengdene gjer Krossfjorden til eit referanseområde for framtidig forsking og overvaking.

Forbod mot taretråling og uttak av skjelsand
To tema verkar vera eit absolutt no-go vert den marine verneplanen vedteken.

Det vil ikkje verta høve til kommersiell taretråling, trass i gode førekomstar fleire stadar. Tareskogen har ikkje vore hausta på fleire tiår, og inneheld i dag eit rikt biologisk mangfald som gjer området særleg eigna som referanseområde for tareskog elles i landet som vert hausta.

Hordaland har største skjelsandressursane i landet. Fylkesmannen NGU reknar med at 10 prosent av dei kartlagde skjelsandressursane ligg innanfor det marine verneområdet.

Det har ikkje blitt gitt konsesjonar for uttak av skjelsand i området sidan 1993. Ved eit vern vil det ikkje verta innvilga konsesjonar for kommersielt uttak. Tilgrensande grunneigarar vil framleis kunna søkja om avgrensa uttak for eige bruk.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s