Sotrasambandet øverst på NTP

Sotrasambandet er det vegsambandet i Hordaland som står øverst på Regjeringspartia sitt framlegg til Nasjonal Transportplan.

Nei til bompengar i lokale FrP-parti fekk ikkje negative konsekvensar for Sotrasambandet i forslaget til NTP. Her Helge André Njåstad (FrP), saman med Statsminister Erna Solberg og Anita Garlid Johannessen (FrP Fjell)
Nei til bompengar i FrP lokalt fekk ikkje negative konsekvensar for Regjeringspartnarane si behandling av Sotrasambandet i forslaget til NTP. Her Anita Garlid Johannessen (FrP, Fjell) saman med Statsminister Erna Solberg og stortingsrepresentant Helge André Njåstad (FrP).

Statsminister Erna Solberg, saman med stortingsrepresentantane Helge André Njåstad (FrP), Terje Breivik (V) og Knut Arild Hareide (KrF) møtte i dag media på jernbanestasjonen i Arna for å fortelja om priotiteringane av nye vegprosjekt i Nasjonal Transportplan.

Sotrasambandet vert bygd, sjølv om FrP sine lokalparti stemte mot at sambandet skal finansierast med bompengar.

Les: -Såpass må ein tola i politikken

– Sotrasambandet er det prosjektet i Hordaland som står øverst på prioriteringslista. Prosjektet får pengar alt i første del av perioden, seier Njåstad til Tunnelsyn.no.

46 prosent frå Staten
Samanlikna med den raudgrøne regjeringa har dei noverande regjeringspartia auka dei statlege løyvingane til anleggsarbeidet frå 2,1 til 4,5 milliardar kroner, seier Njåstad.

Anleggskostnadane for det nye sambandet er rekna til 9,6 milliardar kroner. Den statlege andelen vert dermed 46 prosent.

OPS aukar bompengane
I følgje bompengesøknaden som no er vedteken i Fjell, Sund og Øygarden, vert det lagt opp til at bilistane må ut med totalt 7 milliardar kroner i bompengar. Då må bilistane også dekka sin andel av driftskostnadane og kapitalkostnadane for den 20 år lange OPS-perioden.

Les: Vi må betala bompengar i 20 år

Bompengesøknaden vil verta behandla separat frå framlegget til ny Nasjonal Transportplan, ifølgje Njåstad.

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s