Best breibandsdeking i Sund

Ni av ti heimar i Sund har installert fast breiband. Sundsokningane nyt også godt av høgaste overføringshastigheten i regionen.

breibandSkilnadane i breibandsutbygginga i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er relativt store, viser SSB sin statistikk over tilknytninga til faste breibandssamband i kommune-norge.

Statistikken vise talet på abonnentane som enten er tilknytta internett via fiber eller via VDSL i Telenor sitt koparnett.

Talet på abonnentar på mobilt breiband vert ikkje omfatta av statistikken.

Over gjennomsnittet
Medan ni av ti heimar i Sund hadde installert fast breiband ved utgangen av fjoråret, var det berre 83,6 prosent av heimane i Askøy som hadde tilgang til dataoverføring via fastlinje. Breibandsutbreiinga i Askøy er akkurat på nivå med snittet i landet.

Undersøkinga viser at Sund er den kommunen i regionen der den prosentvise auken i talet på breibandstilknytingar har gått raskast siste året.

I Øygarden er dekningsgraden nesten like god som i Sund (88,9 prosent). Fjell var tidleg ute. Trass lågare utbyggingstakt siste året, har kommunen no ein dekningsgrad på 87,3 prosent.

Fiberutbygging
Om breibandsdekning i kommunane i regionen er betre enn snittet i landet, er hastigheten noko lågare. Takka høg fiberutbygging i byane nyt Ola Nordmann godt av ein gjennomsnittleg overføringskapasitet på 47 Mbit/s inn i heimen. Hastigheten ut er i dei aller fleste tilfelle berre ein brøkdel av nedlastingskapasiteten.

Nye fiberutbyggingar i kommunane vestom Bergen inneber at stadig fleire av husstandane her nyttar høvet til å oppgradera overføringskapasiteten. I Sund nyt nær seks av ti breibandsabonnentar no godt av nedlastingshastighetar på 32 – 128 Mbit/s – godt nok til å sjå fjernsyn på pc-skjermen.

Vil ha auka hastighet
Når leverandørane aukar hastigheten, føl abonnentane etter. I Sund var det heile 520 av abonnentane som nytta høvet til å oppgradera frå 32 Mbit/s til 128 Mbit/s i året som gjekk.

Fjell og Øygarden kappast om andreplassen når det gjeld overføringshastighet. I begge kommunane har kring 55 prosent av husstandane tilgang på hastighetar mellom 32 og 128 Mbit/s. Største gruppa av abonnentar nyttar framleis 32 Mbit/s.

Tregt i Askøy
Lågast snitthastighet på det faste internettsambandet har abonnentane i Askøy. Her er det i underkant av 45 prosent av husstandane som nyt godt av overføringskapasitetar mellom 32 – 128 Mbit/s. Største abonnentgruppa må framleis nøya seg med 16 Mbit/s

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s