Lysning på arbeidsmarknaden

Utviklinga på den lokale arbeidsmarknaden har gått rette vegen siste månaden, sjølv om arbeidsløysa held fram med å stiga samanlikna med for eitt år sidan.

Framleis er meir enn 5 prosent av arbeidsstokken i Fjell, Sund og Øygarden arbeidsledig.
Framleis er meir enn fem prosent av arbeidsstokken i Fjell, Sund og Øygarden utan arbeid.

Hordaland er eitt av tre fylke der arbeidsløysa held fram med å stiga, ifølgje ei pressemelding frå NAV. I offshorebeltet vest for Bergen ser det likevel ørlite lysare ut siste månaden.

Les: Toppar ledighetsstatistikken i Hordaland

Skjønnmaling?
Tala kan likevel sjå betre ut enn dei faktisk er, då dei ikkje opplyser kor mange som har mista retten til dagpengar og som difor ikkje lenger bryr seg med å senda meldekort.

Dette kan særleg vera forklaringa til at talet på talet på ledige kvinner er synkande.

Les: NAV skjønnmålar arbeidsmarknaden

Siste månaden
Det blitt færre ledige i alle dei fire kommunane vest for Bergen siste månaden. Ser vi Fjell, Sund, Øygarden og Askøy under eitt, var det ved utgangen av februar 53 færre ledige og på tiltak enn ved utgangen av januar.

Siste året
Til saman er det no 1777 personar i dei fire kommunane som er heilt ledige eller på tiltak. Det er 212 fleire enn for eitt år sidan.

Mange på tiltak bidreg til at talet på heilt ledige ser betre ut enn situasjonen eigentleg tilseier. Særleg er det tilfelle i Fjell.

Flest i Fjell
Flest ledige finn vi i framleis i Fjell. 639 heilt ledige og 141 personar på tiltak er 37 færre enn for ein månad sidan, men 52 fleire enn ved utgangen av februar i fjor.

I Askøy er situasjonen uendra samanlikna med i januar, med 634 personar som enten er heilt ledige eller på tiltak. Her er det 115 fleire ledige no enn for eitt år sidan.

I Sund er det elleve færre ledige enn for ein månad sidan, men likevel 18 fleire enn i februar i fjor.

Fire færre ledige i Øygarden siste månaden er 27 fleire enn ved utgangen av februar i fjor.

Hordaland
Ved utgangen av februar var det totalt 12093 ledige i Hordaland. 9787 av dei var heilt ledige.

Arbeidsløysa februar 2017
Heilt ledige På tiltak Totalt februar Totalt januar
Sund 154 48 202 213
Fjell 639 141 780 817
Askøy 536 98 634 634
Øygarden 146 15 161 166
1475 302 1777 1830
Hordaland 9787 2306 12093

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s