Redusert skatteinngang

Krisa i offshorenæringa førte til at kemnaren i Fjell fekk inn 92 millionar kroner mindre skattar og avgifter i fjor enn i 2015.

Mange konkursar bidrog til å redusera inngangen av skattar og avgifter i Fjell i fjor.

Sotra- og Øygardsstrilane bidreg så det monnar i statskassen. Heile 4 milliardar kroner betalte vi i fjor inn i skattar og avgifter, framkjem det av årsmeldinga frå Kemnaren i Fjell, Sund og Øygarden.

Les: Tapte på konkursar

Nedgang i Fjell
Den samla skatte- og avgiftsinngangen i Fjell for fjoråret enda på 2,858 milliardar kroner. Det var 92 millionar mindre enn året før, eller ein reduksjon på 3,12 prosent.

I Sund kom det inn 677,2 millionar kroner, 4,18 prosent meir enn i 2015.

Også i Øygarden gjekk skatteinntektene opp, med 3,37 prosent, til 464,9 millionar kroner.

Ser vi regionen under eitt fall skatte- og avgiftsinngangen med 49,6 millionar kroner i fjor samanlikna med 2015.

Meir til kommunen
Kemnaren krev inn både statlege og kommunale skattar og avgifter. Trass i reduksjonen i dei samla innbetalingane, auka kommunane sin del av dei innbetalte skattane. Ved utgangen av året kunne Fjell bokføra ei skatteinntekt på 684 millionar kroner, 46,5 millionar kroner meir enn året før – ein auke på heile 7,3 prosent.

I Sund var den prosentvise auken om lag like stor. I kroner og øre innebar det ein auke på 11,3 millionar kroner samanlikna med året før.

Største prosentvise auken fekk dei likevel i Øygarden. Her kom det inn 116,9 millionar kroner. 10,1 millionar kroner meir enn i 2015 eller ein auke på 9,46 prosent, ifølgje årsmeldinga til Kemnaren i Fjell, Sund og Øygarden.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s