Skuffa over forslaget til marin verneplan

Vi veit ikkje kva vi skal leva av i havet i framtida, også planlegg dei å bandleggja kysten vår! Vert dette vedteke får vi ikkje lov å utnytta ressursane våre.

– Sund og Austevoll har levd av havet i hundrevis av år. Vert denne verneplanen vedteke, får vi ikkje lov å utnytta ressursane våre på ein god måte i framtida, fryktar Ove Trellevik.

Stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Sund, Ove Trellevik (H) er skuffa og opprørt over utkastet til marin verneplan for Krossfjorden. Ein plan som vil omfatta tre fjerdedelar av kystlinja i Sund, og som vil strekkja seg heilt opp i fjøresteinane på sørvestsida av kommunen.

Les: Marin verneplan for Krossfjorden ut på høyring

Har ikkje lytta
I si tid som ordførar i Sund sende Trellevik høyringsinnspel til fylkesmannen i Hordaland i samband med oppstarten av planarbeidet.

– Fylkesmannen har ikkje lytta mykje til innspela våre, konstaterer Trellevik etter ei rask gjennomlesing av hovudpunkta i det føreliggjande framlegget til verneplan.

Veldig omseggripande
– Å verna heilt inn til to meters djup i eit slikt stort omfang, er veldig omseggripande og set eit hinder for omtrent alt ein kan tenkjast å nytta kystlinja vår til i framtida, hevdar Trellevik.

Framtidig ressursutnytting
Som deltakar og føredragshaldar på den store sjømatkonferansen i Bergen har Trellvik fått med seg behovet for, og planane for framtidig utnytting og kommersialisering av nye ressursar i havet.

– Vi veit ikkje kva vi skal leva av i havet i framtida, hevdar han.

Etter hans meining gjeld det å leggja til rette for framtidig hausting av nye matressursar. Verneplanen derimot, vil setja ein stoppar for framtidig utnytting av mykje av ressursane i fiskeri og havbrukskommunen Sund på ein god måte, fryktar han.

– Gløym dispensasjonar!
Om eit oppdrettselskap vil etablera seg, og området er freda, kan dei berre gløyma å søkja om dispensasjon. Å få løyve til etableringa er vanskeleg nok med dagens regelverk, hevdar Trellevik.

Sjølv det å få løyve til å byggja ein kai vil verta langt vanskelegare, fryktar han.

Oppdrett av tare
Heller ikkje forslaget om forbod mot taretråling og mot opptak av skjelsand, tykkjer Trellevik noko om, sjølv om desse ressursane har vore lite utnytta fram til no.

– Eit forbod mot taretråling vil også koma i konflikt med eventuelle planar om oppdretta av tare, fryktar han.

Konsekvensane av å innføra forbodssoner mot reketråling er Tellevik usikker på.

Langt ut over Stortinget si bestelling
– Sund og Austevoll har levd av havet i hundrevis av år. No verkar det som om dei vil knyta begge nevane våre på ryggen, hevdar han.

– Dette går langt utover den verneplanen som Stortinget i si tid bestelte, hevdar ein arg stortingsrepresentant.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s