Tapte på konkursar

Krisa i offshorenæringa førte til 37 konkursar i Fjell i fjor. Det var dermed ikkje alle som klarte å betala det dei skulle i skattar og arbeidsgjevaravgift.

37 konkursar i Fjell i fjor bidrog til redusert skatte- og avgiftsinngang hos Kemnaren.

Samla uteståande frå konkursbua i kommunen var ved årsskiftet 8,77 millionar kroner, ifølgje årsrapporten til Kemnaren i Fjell, Sund og Øygarden for 2016.

Les: Redusert skatteinngang

Ei verksemd med 11,17 millionar kroner i uteståande fekk innvilga akkord etter konkurslova.

Totalt måtte Kemnaren redusera uteståande krav i Fjell med til saman 11,1 millionar kroner i løpet av fjoråret på grunn av manglande betalingsevne.

I Sund vart dei samla uteståande krava som følgje av tre konkursar på 276.646 kroner. Andre tilhøve gjorde at Kemnaren måtte redusera utståande beløp hos sundsokningane med til saman 918.820 kroner.

Dei fem konkursane i Øygarden førte ikkje til tap av inntekter for Kemnaren.

Ulike tilhøve førte likevel til at Øygardsstrilane fekk redusert sitt uteståande hos Kemnaren med 380.493 kroner, ifølgje årsmeldinga frå Kemnaren i Fjell, Sund og Øygarden.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s