Rådmann favoriserer politisk komiteleiar ved bustadkjøp

Bustadkontoret til Fjell kommune skal kjøpa inntil 18 leiligheter i det nye blokka Straumeporten på Straume. Seljar er leiar Ernst Morten Einarsen i komite for drift og forvaltning.

Sartorsjef og leiar for komite for drift og forvaltning, Ernst Morten Einarsen (H), får drahjelp frå rådmann Steinar Nesse til å dra i gang eit nytt blokkprosjekt på Straume.

Det var rådmann Steinar Nesse og leiar June Johannesen i Bustadkontoret som orienterte om kjøpet under møtet i komite for drift og forvaltning i går.

Så mange som mogeleg
Blokka Straumeporten vil ha 60 leiligheter, og Fjell kommune vil kjøpa så mange som kommunen har høve til å kjøpa i henhald til Burettslova, det vil seia inntil 18 leilighetar, sa Nesse.

– Eg stiller ikkje spørsmål om vi skal gjera dette. Eg seier at dette skal vi gjera, konstaterte ein sjølvsikker rådmann ovanfor ein taus komite.

Verkelegjera Einarsen-planen
– Dette vert ein detalj for å realisera Straumeplanen. Byen vert akkurat slik vi planla han i 2006, hevda rådmannn i Fjell.

Seljar av leilighetane, Sartorsjef og noverande leiar for komite for drift og forvaltning, Ernst Morten Einarsen, var sentral i planlegginga av Straumeplanen. Den gong var han mellom anna medlem i komite for plan og utvikling.

Sit på gjerdet
– Det er for tida mange utbyggjarar i Fjell som sit på gjerdet og ikkje tør starta prosjekt, fortalde Nesse.

Av dei mange prosjekta kringom i kommunen har Fjell kommune likevel vald å satsa på nett det som komiteleiar Ernst Morten Einarsen håpar å kunna dra i gang i Straume sentrum.

Nær samarbeidspartnar
Dette vert andre gongen rådmannen i Fjell grip aktivt inn og reddar eit bustadprosjekt for hans nære samarbeidspartnar gjennom mange år. Sist det skjedde var i 2014 då Fjell kommune kjøpte ti husvære i den kontroversielle blokka Straumehagen utan nokon føregåande anbodsprosess.

Les: Rådmannen vil kjøpa i Straumehagen utan anbod

Utanom reglane
Heller ikkje denne gongen har kjøpet vore ute på anbod:

– Her kjøper kommunen i eit ferdig prosjekt, ikkje eit entrepenørprosjekt. Då kan kommunen kjøpa kva som helst, svara June Johannesen på spørsmål frå Kristin Brennhaug (KrF) om korvidt Fjell kommune er underlagt reglane for offentlege innkjøp.

Rådmannen meinte at Fjell kommune har gjort det kjend kva behov kommunen har, og at det berre har vore for utbyggjarane å ta kontakt.

I Straumehagen er det framleis eit titals uselde husvære, etter tre år på marknaden.

Politikarane på sidelinja
Politikarane i Fjell har henvist seg sjølv til ein plass på sidelinja i innkjøpsprosessen. Det nye delegasjonsreglementet som dei vedtok sist haust, overlet til Bustadkontoret å gjennomføra kjøp av kommunale husvære for å oppfylla måla i kommunen sin bustadsosiale plan. Einaste vilkåra er at innkjøpa skjer innanfor dei politisk vedtekne budsjettrammene på 100 millionar kroner.

Les: Storkjøpar av bustadar

I komiteleiaren sin garasje
Dette kjøpet skal finansierast gjennom eit samarbeid med Husbanken, og leilighetane skal leigast ut til ungdom som vil inn på bustadmarknaden.

Dei av leigetakarane som har bil, vil verta nøydde til å kjøpa parkeringsplass i komiteleiar og Sartor-sjef Ernst Morten Einarsen sin kystbygarasje.

Advertisements

5 Comments

  1. Nei du all verden! Med en slik uttale som blir referert fra komitemøtet fra Rådmann Steinar Nesse vedrørende saken, sier jo sitt om hans tunnelsyn» Han sier i referatet at slik er byen planlagt og slik blir den.-Arroganse og manglende innsikt i hva som foregår i det kommunale eller? – En ting burde jo rådmann Steinar vite, at det aldri er vedtatt at det skal bygges en by. – Her må han vurdere en lengre ferie.

    Øyvind Herland
    .

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s