Nytt statleg pengedryss til kommunane

Høg arbeidsløyse, mellom anna i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, har utløyst ein ny runde med ekstramidlar til dei verst ramma kommunane frå Regjeringa.

– Dette er kjærkomne omstillings- og aktivitetsmidlar til kommunar som vil gjera omstillinga for lokalt næringsliv lettare og bidra til fleire arbeidsplassar, seier stortingsrepresentant Terje Breivik (V). Foto: Venstre,

-På under eitt år har H/FrP regjeringa og KrF/Venstre løyvd over 1 milliard til kommunane for å motverke arbeidsløysa – Dette fordi kommunane har ei god evne til å få pengane raskt fra statsbudsjettet til arbeidsplasser, sier Helge Andre Njåstad, leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen fra FrP.

Arbeidslause i februar
Det nye tilskotet vert tildelt kommunane ut frå talet på arbeidslause i februar, og kjem i tillegg til tidlegare løyvde midlar. Føresetnaden er at kommunane nyttar pengane til kjøp av bygg- og anleggstenester som det elles ikkje ville ha vore rom for på årets budsjett.

Les: Lysning på arbeidsmarknaden

Kjærkomne
– Dette er kjærkomne omstillings- og aktivitetsmidlar til kommuner som vil gjera omstillinga for lokalt næringsliv lettare og bidra til fleire arbeidsplassar. Samarbeidspartia har no samla sett løyvd rundt 200 millioner til vedlikehald av vegar og bygg for å skapa og oppretthalda aktiviteten i bygg –og anleggsnæringa, seier Venstres Terje Breivik.

Friske midlar mars
(i 1000)
Arbeidsløyse % Samla tildeling
(i 1000)
Fjell 7,345 4,7 29,804
Sund 1,536 4,4 7,209
Askøy 2,514 3,6 9,057
Øygarden 2,383 6 7,742

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s